NRK Meny
Normal

Ryddearbeidet på E39 startar når det lysnar

Laurdag startar arbeidet med å rydde fjellsida der det gjekk eit steinras på E39 mellom Vadheim og Sande fredag. Ein lastebil vart knust i raset.

Asfaltbil treft av ras på E39

RAMPONERT AV STEINBLOKKER: Heldigvis trefte steinane berre tilhengaren på asfaltbilen på E39.

Foto: Eirik Markeset / Statens vegvesen

– Det som har skjedd er at det har gått eit stort steinras frå fjellsida ved Dregebø. Det er store blokker og stein som har kome ned i vegbana. Vegen er heilt stengd, og det er eit omfattande arbeid med å få rydda opp. Det må også geolog inn for å vurdere fjellsida, opplyser prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale.

Statens vegvesen melder fredag ettermiddag at den sterkt trafikkerte vegen ikkje vil bli opna att før tidlegast laurdag.

– Geolog er på veg til plassen, men vi ser det ikkje som tilrådeleg å rydde i skredet no, med tanke på vêret som kjem inn. Vegen blir opna tidlegast i morgon, sa Dale til NRK fredag ettermiddag.

Fredag kveld opplyser vegvesenet at eit ryddelag frå entreprenøren skal inn i rasområdet når det lysnar laurdag føremiddag. Dei vert flogne inn i toppen av raset og vil rydde seg nedover, før vegen vonaleg kan ryddast og opnast.

Ras på E39 ved Dregebø

LOSNA EIT STYKKE OPPE: Steinane som kom ned i vegbaana på E39 losna i 80 meters høgde.

Foto: Eirik Markeset / Statens vegvesen

Må reinske i fjellsida

Dale fortel at det ligg ein god del lausmassar i fjellsida.

– Det kan godt hende at vi må reinske og sikre godt i fjellsida. Det arbeidet kan ikkje gjerast i mørke.

Han fortel at det er sendt ut vakter som skal dirigere trafikk ved Vadheim og Sande, og trafikken blir leda inn på omkøyringsvegen som er fv 57 via Dale i Sunnfjord, opplyser Dale til NRK.

– Det blir litt lengre køyring, men ein kjem seg fint fram.

Laster kart, vennligst vent...

Denne vegen er mykje lenger, og i stor grad langt smalare enn E39, og bilistar må rekne med ekstra lang tid til Førde og vidare nordover mot Ålesund.

Ein rutebuss var den første som kom til staden etter raset, men passasjerar opplyser til NRK at dei blei stoppa av anleggsarbeidarar før dei køyrde inn i rasområdet.

– Vi har fått meldingar om at steinblokker på 5-10 kubikk har rasa ned i vegbana, seier Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen.

Blokkene må sprengast før vegen kan opnast att. Dette kan tidlegast skje om nokre timar, slår vegvesenet fast.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.