NRK Meny
Normal

– Det største sjokket eg har opplevd

Rolf Navarsete har jobba side om side med Svein Bakke i ei årrekkje. Bodskapen om «Mr. Sogndals» bortgang vart mottatt med sjokk.

Rolf Navarsete

UVURDERLEG: Rolf Navarsete minnest kameraten Svein Bakke som ein snill og lojal mann, som stod opp når det trongst.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Då Eirik Bakke ringde meg i går og fortalde det, sa eg at det er det største sjokket eg har opplevd i mitt liv. Han var den beste kameraten eg nokon gong har hatt, og han var som ein bror for meg, seier Rolf Navarsete.

Beskjeden om Svein Bakkes bortgang kom onsdag ettermiddag. Han vart 62 år gammal.

– Han har betydd alt

Saman har Bakke og Navarsete stått bak oppbygginga av Sogndal, til ein klubb i toppen av norsk fotball dei siste 40 åra.

– Utan kvalitetane til fotballspelaren Svein Bakke hadde Sogndal aldri vore der dei er i dag, fortel Navarsete.

Svein Bakke i kamp om ballen med Egil Austbø under cupfinalen i 1976

CUPHELT: Svein Bakke i kamp om ballen med Egil Austbø under cupfinalen mot Brann i 1976. Ein sesong som markerte starten på oppturen for Sogndal Fotball, trass i at Brann vart for sterke og vann kampen 2–1.

Foto: Paul Owesen / SCANPIX

– Han har betydd alt for fotballen i Sogndal, legg han til.

Navarsete trekker fram ein sein og våt oktoberkveld i 2000, som eit av sine beste minne saman med Svein Bakke. Etter 1–1 heime og 2–2 borte sikra Sogndal seg opprykket til eliteserien, på kostnad av Vålerenga.

Yngve Hallén, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

HYTTETURAR: Fotballpresident Yngve Hallèn minnast mange hytteturar saman med Svein Bakke.

Foto: Arve Uglum

Bakke vert hugsa som ein snill og lojal mann, med eit ekstremt vinnarinstinkt. Avtroppande fotballpresident og tidlegare Sogndal-leiar Yngve Hallèn minnest ein mann som viste med døme korleis ein byggjer gode verdiar.

– Dei eldste vil hugsa han som ein spelar med ein slepen fot og eit ekstremt vinnarinstinkt. Då han etter 1998 sesongen sa at det er no oppturen byrjar, var det berre han og nokre få andre som trudde på det, seier Yngve Hallèn.

Glad han fekk oppleva opprykket

Denne sesongen har sonen til Svein Bakke, Eirik Bakke, tatt Sogndal tilbake til øvste nivå i norsk fotball på første forsøk.

– Eg er utruleg glad for at Svein fekk oppleva at Eirik tok Sogndal tilbake til Eliteserien. Svein var ikkje av typen som viste kjensler, men vi som kjente han godt veit at det betydde enormt mykje for han, seier Navarsete.

Svein Bakke spelte for Sogndal i perioden 1971 til 1990, og var mellom anna sentral då Sogndal kom til cupfinalen mot Brann i 1976. I løpet av sine 19 år som spelar noterte han seg med 321 mål på 514 kampar.

Han var også med på Sogndal-laget som tapte 2–1 i cupfinalen mot Brann i 1976.

På sosiale media har fleire uttrykt si sorg.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser