Hopp til innhold

Denne annonsen stod på trykk berre dagar etter brannen - no reagerer bransjekollega

Dagen etter storbrannen i Lærdal la Glassmester Kvamme ut ein annonse i Sogn Avis. Der tilbaud glasmeisteren å køyre gratis til Lærdal dersom folk brukte selskapet. Det har vekt reaksjonar.

Øystein Veum reagerer på annonse etter brann

REAGERER: Øystein Veum reagerer kraftig på det han meiner er ein usmakeleg annonse rett etter storbrannen i Lærdal.

Foto: Eirik Hildal/Arve Uglum (montasje) / NRK

Det var natt til sundag brannen starta i Lærdal. Den spreidde seg fort, sidan bygda var tørr og vindfull. Dei siste tala er 40 totalskadde bygningar, 17 av dei bustadhus. Men mange hus har også mindre skadar, som sprokne vindauge.

I annonsen skriv Glassmester Kvamme at dei tek ein ekstraordinær tur til Lærdal og vil gje gratis måltak og transport ved skifting av vindauge. Øystein Veum jobbar i Fjordaglas AS, og reagerer kraftig på annonsen.

– Eg synest det er usmakeleg at folk lagar ekstraordinære turar for å rykkje inn i eit område der folk har nok ifrå før, seier han.

– Kva legg du i usmakeleg?

– Det er det eg seier om ekstratur. Og så reagerer eg på måten annonsen er utforma. Måten det vert skrive på og gjort på er spesiell. Det synet har eg fått mykje støtte for på Facebook og tekstmeldingar.

– Kjem du med denne kritikken fordi det er ein konkurrent i bransjen?

– Vi konkurrerer ikkje direkte med dei. Kritikken er for måten annonsen er utforma og tidspunktet den kom på. No må folk få ro. Og no bør forsikringsselskapa fyrst få gjere jobben sin. Det har skjedd ei stor tragedie, og mange er ramma, seier Veum.

– Vi vi hjelpe

Sjefen i Glassmester Kvamme, Dag Arne Kvamme, er samd i karakteristikken av ulukka.

– Mange har mist huset og heimen sin. Det er svært tragisk for alle partar der nede, seier han.

Og det er grunnen til annonsen, påpeikar Kvamme.

– Eg tenkte at vi ikkje kan sitje stille utan å gjere noko. Vi vil tilby vår ekspertise og hjelp.

– Kva seier du til at annonsen vert karakterisert som usmakeleg?

– Dei som har ringt meg synest ikkje det er usmakeleg. Det finst mange måtar å vri noko på, slik at det vert usmakeleg. Men det får vere opp til han eller dei, seier Kvamme.

Veum er også kritisk til at annonsen kom ut dagen etter storbrannen.

– Når dei rykkjer ut med ei annonse så kort tid etter brannen, har dei vore rimeleg kjapt ute med å vise at dei er til stades. Men det er deira val, seier Veum.

På dette punktet tek glasmesteren sjølvkritikk.

– Denne annonsen sette eg inn sundag. Eg gjekk vel litt for fort fram. Men min tanke var at dette skulle gå raskast mogleg, svarar Kvamme.

På veg til Lærdal no

Kvamme og ein tilsett er allereie torsdag ettermiddag på veg til indre Sogn.

– Vi sit i bilen til Lærdal akkurat no, og det er to kundar vi skal hjelpe. Dei er i alle fall takksame for at vi kjem fort.

Veum tvilar ikkje på at Glassmester Kvamme meiner å gjere godt. Men han trur eit anna motiv også er viktig.

– Når dei skriv at dei tek ein ekstra tur er det sjølvsagt for å yte ein service og for å hjelpe. Men det verkar som dei her rykkjer ut for å få seg meir arbeid i den rolege månaden som januar er i byggebransjen, seier Veum.

– Vi har ikkje så lite å gjere på at vi må skaffe noko ekstra. Vi vil fyrst og fremst hjelpe. Sjølve turen er i dag gratis. Men vi gjer sjølvsagt ikkje heile jobben gratis, svarer Glassmester Kvamme.

– Gjer de dette for å tene pengar?

– Vi tener pengar på glaset, ja. Men som sagt kostar det ikkje ei krone at vi køyrer ned, seier Kvamme.

– Det ser ut som dei prøver å oppnå større sal. Og det må dei berre gjere, det er ein konkurranse i vår bransje. Det må vi leve med, seier Veum.

Forsikringsselskapa vil ikkje kritisere

Også ei annonse for brannstigar var på trykk i ei lokalavis nokre dagar etter brannen. NRK.no har vore i kontakt med annonsøren, som seier annonsen var tinga lenge før brannen i Lærdal.

Lokalavisa vil på grunn av teieplikt ikkje oppgje kva tid annonsen vart tinga.

NRK.no har kontakta fleire forsikringsselskap som først reagerte på annonsane i denne saka. Men etter å ha sett nærmare på annonsane, vil dei ikkje ut med kritikken i saka no.