Hopp til innhold

Storbrann kutta kontakten med 40 tunnelar

På grunn av storbrannen i Lærdal mista Statens vegvesen kontakten med 40 vegtunnelar i heile Sogn og Fjordane.

Storbrannen i Lærdal kutta kontakten som Statens vegvesen har med tunnelane.

MISTA KONTAKTEN: Storbrannen i Lærdal kutta kontakten Statens vegvesen hadde med 40 vegtunnelar i Sogn og Fjordane. Framleis har dei ikkje kontakt med 12 av desse.

Foto: Fotomontasje

Fleire av tunnelane var også utan mobildekning, og to var også utan naudtelefon.

Framleis manglar Vegtrafikksentralen kontakt med 12 tunnelar, noko som svekkjer brannberedskapen, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

– Det er ei ulempe for redningsetatane å ikkje vite at dei får melding med ein gong. Det blir eit forseinkande ledd dersom noko skulle skje, for då må vedkommande som er vakt i den tunnelen ringe til naudetatane og seie at «no har vi ei hending som de må rykkje ut på», seier Slinde.

Ein ny vekkjar

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

AVDELINGSDIREKTØR: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen region Vest.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Storbrannen på Lærdalsøyri vart for mange ein ny vekkar på kor sårbare moderne kommunikasjon er i ein brann. Flammar la minst 35 bygningar i ruinar, men gjorde også stor skade for Lærdal som eit viktig kommunikasjonsknutepunkt.

Nær heile kommunen mista mobildekninga, det analoge naudnettet vart sett ut av spel og naudtelefonlinja vart kutta til fleire tunnelar. I tillegg brann også fiberkabelen inn til Vegtrafikksentralen opp, slik at Statens vegvesen mista direkte kontakt med 40 tunnelar over heile fylket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ruinane etter Telenor sitt anlegg.

RUINAR: Telenor sin sentral i Lærdal brann ned til grunnen i storbrannen i helga.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Til dømes betyr problema i praksis at tunnelen blir stengd dersom eit brannsløkkingsapparat blir fjerna, men at Vegtrafikksentralen ikkje vil få melding om det før hendinga blir varsla om frå ein tilsynsmann eller andre vegfarande.

– Det betyr at det er straum der, at viftene går og at naudtelefonane er ok, men vi kan ikkje fjernstyre det. Vi fører tilsyn ved å ha folk ute i tunnelane, seier Slinde.

– Må ha ein plan

Håvard Stensvand

BEREDSKAPSSJEF: Håvard Stensvand.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Når Telenor sin stasjon i Lærdal vart totalskadd i brannen, førte det til store problem. Beredskapssjef Håvard Stensvand seier denne brannen, på lik linje med uvêret Dagmar, er ein vekkjar.

Framleis er fleire innbyggjarar utan fasttelefon. Beredskapssjef Håvard Stensvand vedgår at samfunnet blir sårbare når teleinfrastrukturen blir så hardt råka.

– Når nokon av hovudlinjene våre blir øydelagde, så er det ikkje slik som i dei store byane, at det er fleire alternative føringsvegar for elektroniske signal. Vi meiner styresmaktene må ha ein plan for korleis handtere ein situasjon der dei ordinære telekommunikasjonane ikkje fungerer, seier han.

Kan aldri gardere seg mot

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor.

RETTAR: Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor, i den nye sentralen som gir Lærdal mobildekning.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier det er umogeleg å gardere seg mot slike store hendingar.

Framleis er fleire telefonabonnentar utan fasttelefon.

– Ein slik katastrofe som dette, der fleire titals hus brenn ned, klarer ein aldri å gardere seg mot. Eg trur ikkje det er realistisk å seie at vi skal handtere det veldig mykje betre enn vi har gjort no, seier Amundsen.

Vil ta tid

På riksveg 5 er det framleis styrt trafikkavvikling gjennom Fodnestunnelen i Lærdal grunna manglande ventilasjon. Gjennom Bermålstunnelen på fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdal er det kolonnekøyring grunna straumutfall i tunnelen.

Vegvesenet seier det kan ta litt tid å få retta problema, også i dei andre tunnelane.

– Eg håpar det kan vere på plass i løpet av nokre dagar. Tilsvarande med straumforsyning til Fodnestunnelen og Bermålstunnelen, men det er ei prioritering at lærdalssamfunnet må ha alle sine vitale funksjonar på plass. Det er viktigare enn at vi sparer ein trafikkdirigent eller to i ein tunnel, seier Slinde.