Hopp til innhold

– Dårleg leiarskap i Florø-politiet

Fleire kjelder i og utanfor politimiljøet i Florø seier til avisa Firda at det er eit leiarproblem ved politistasjonen i Florø.

– Personalbehandlinga er dårleg, og vi føler at vi blir fullstendig overkøyrd av leiinga ved stasjonen, seier ei kjelde til Firda.

Dette skal ha medført at fleire politibetjentar har jobba på stasjonen i kortare periodar.

– Blei aldri høyrd

Kjeldene avisa har vore i kontakt med seier at arbeidsmiljøet blant betjentane alltid har vore godt, men mange opplever einvegskøyring og dårleg behandling frå leiinga si side.

– Eg sat igjen med ei kjensle av aldri å bli høyrd, seier ein tidlegare tilsett ved stasjonen.

Han nemner mellom anna at stasjonssjefen er ett av problema, og at leiarstilen hans fører til at folk har valt å slutte.

– Grunnen til at eg slutta har litt med leiarstil å gjere, og kjensla av å ikkje bli høyrd, seier ei anna kjelde.

Underbemanning

Fleire nemner underbemanning som ein årsak til frustrasjon.

– Eg fekk svært ofte kjensla av at eg ikkje fekk gjort jobben min godt nok, og det er noko ein kunne ordna med meir overtid. Men vi fekk eit kontant "nei" frå leiiange heile vegen, seier ei kjelde.

Andre seier at politibetjentane opplever å berre drive med "brannsløkking" grunna bemanningsproblema.

– Frustrerande

Politistasjonssjef Nils Erik Eggen seier at det som kjem fram er for lite konkret, og at han ikkje vil kommentere saka.

– Det med overtid er heilt riktig. Vi har rett og slett ikkje nok ressursar til å la folk jobbe overtid. Det er veldig frustrerande for meg óg, fortel han.

Verken politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Johan Brekke, eller Dag Øyen i Politiets Fellesforbund ynskjer å kommentere desse "ubekrefta spekulasjonane."

– Slik eg ser det, gjer leiinga ved politistasjonen ein god jobb, påpeikar Brekke.