Hopp til innhold

– Årdal er unik som reisemål

Kristoffer Nystedt kom til Årdal og såg eit potensial han meinte burde utnyttast. I 2014 kjøpte han Utladalen camping og Svalheim gard.

Kristoffer Nystedt

– ÅRDAL ER UNIK: Kristoffer Nystedt har siste to åra brukt alle kanalar han har til å marknadsføre Årdal.

Foto: Marthe Vee / Sogn Avis

Austlendingen som har busett seg i Årdal meiner det er mange grunnar til at turistane bør kome i litt striare straumar enn i dag til industrikommunen inst i Sogn. To av dei meiner han er soleklare.

– Vi har to av Norges kanskje største attraksjonar i same kommunen, noko som gjer Årdal kommune unik. Vi har Sognefjorden som går i land i Årdal, og vi har starten på Jotunheimen. Utladalen er inngangen til Jotunheimen frå vest, og kanskje den finaste, iallfall den grønaste delen av Jotunheimen.

Indre Ofredal - sjøbu

VIL BRUKE FJORDEN: I indre Ofredal tilbyr Ofredalens Venner overnatting.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Med to slike fyrtårn meiner Nystedt at Årdal er eit svært spennande reisemål.

No er Årdal kommune i ferd med å legge ein reiselivsstrategi. Årdal Utvikling har fått utarbeidd eit utkast til plan. Målet er å få fleire til å ta turen innom for å oppleve naturen, og at dei som kjem skal bruke meir tid i Årdal og dermed legge igjen meir pengar.

Vettisfossen

MANGE VIL SJÅ DENNE: Vettisfossen med sitt 275 meter loddrette fall lokkar mange til Årdal. Men dei fleste nøyer seg med synet av fossen før dei reiser vidare.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dagleg leiar Terje Laberg i Årdal Utvikling seier at dei har ei langsiktig målsetting og at dei ynskjer heilårsaktivitet.

– Suksessen for meg er kor mange heilårsarbeidsplassar vi greier å få til.

Terje Laberg

VIL HA HEILÅRSAKTIVITET: Dagleg leiar Terje Laberg i Årdal Utvikling.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vi ser mellom anna på korleis vi kan samhandle med naboane våre, Vang kommune med Tyin-området. Det er ein fantastisk vinterdestinasjon som Årdal bør knyte seg tett på.

Han seier at Årdal Utvikling og kommunen kan bidra til å gjere Årdal meir attraktiv.

– Vi har brukt av næringsfondet alt i år, vi skal i gang med ei småbåthamn på Årdalstangen, mellom anna.

Kristoffer Nystedt er glad for å ha Årdal Utvikling og Årdal kommune med på reiselivssatsinga.

– Dette gjer produktet vårt sterkare, det aukar kvaliteten. Eg har veldig tru på at vi skal nå måla.

Svalheim i Utladalen

INNFALLSPORT TIL JOTUNHEIMEN: Svalheim gard og Utladalen camping midt på biletet.

Foto: Kristoffer Nystedt

Alt i dag er det mange som tek turen innover Utladalen. Men mange av dei legg knapt att ei krone i Årdal. Det er dels fjellvandrarar som anten startar eller avsluttar fotturen i Jotunheimen i Årdal, eller bilturistar som går inn til Vettisfossen og tilbake.

Litt av planen til Nystedt og til kommunen er å gi desse ein grunn til å forlenge opphaldet i Årdal.

– Det å informere gjestene om kva dei elles kan oppleve vil vere viktig framover. Men vi har ein jobb å gjere når det gjeld generell marknadsføring, seier Kristoffer Nystedt.

Falketind og Stølsnostind

INNSYN I JOTUNHEIMEN: Frå Graveskardnosi i Årdal har du dette panoramaet mot m.a. Falketind og Stølsnostind.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gav garanti til gjestene

Sjølv innførte han i fjor ein garanti til overnattingsgjestene sine. Dersom dei fylgde råda hans om turar dei kunne gå skulle dei få att pengane dei brukte på overnatting om dei ikkje var nøgde.

– Eg enda opp med to som klaga i løpet av heile sommaren, og dei klaga på at turen var for lang.

I tillegg til Utladalen brukar Nystedt å reklamere for Tindevegen over til Turtagrø, Sognefjorden, den gamle vegen mellom Årdal og Tyin, Hurrungane og indre Ofredal.

Gamlevegen Årdal-Tyin

– BØR OPPLEVAST: Kristoffer Nystedt reklamerer mellom anna for ein spasertur eller sykkeltur på gamlevegen frå Årdal til Tyin for gjestene sine.

Foto: Krisoffer Nystedt

– Spennande tider

Det at det ligg eit stort aluminiumverk i Årdal kan og brukast for å lokke turistar, meiner han.

– Eg plar seie til alle turistar at dersom dei køyrer forbi ei stor industribedrift er det verdt å stanse, for då er det flotte fossar og fascinerande natur i nærleiken. Det er spennande å sjå korleis industri og natur spelar på lag.

Samanlikna med nabokommunane Lærdal, Aurland og Luster har Årdal få overnattingsplassar, og med auke i turismen vil kapasiteten fort bli sprengd sommarstid. Men både Nystedt og andre aktørar i reiselivet i Årdal har planar om å utvide tilbodet.

– Vi ser at vi seglar i medvind. Det er spennande tider framover.

Svalheim gard

VIL AUKE KAPASITETEN: Kristoffer Nystedt har 20 overnattingsplassar på Svalheim gard, i tilegg til 50 på Utladalen camping.

Foto: Kristoffer Nystedt