Oskar Seim, Harald Thune og Ivar Seim

BRUKAR MYKJE TID I OFREDAL: Frå venstre Oskar Seim, Harald Thune og Ivar Seim.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei vil ta vare på viktig historie

ÅRDAL (NRK): Nede ved sjøen på nordsida av Årdalsfjorden i indre Sogn ligg eit unikt historisk bygningsmiljø. Delar av det kan bli øydelagde om ikkje noko blir gjort - og det temmeleg fort. Men desse karane vil iallfall gjere sitt.

Ein gong var Indre Ofredal ein stad som syda av aktivitet. Den majestetiske furuskogen oppover dalen gav grunnlag for velstand, her var det første ordførarkontoret i Årdal, og hit kom bønder frå store delar av indre Sogn med kornet sitt for å få det malt.

  • Sjå biletgalleri:
    Indre Ofredal
    Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På ein litt råkald desemberdag i 2015 er det stille «ne før sjøen». Vegen ned til fjorden er stengd med bom for vinteren. Men dei mange gamle bygningane står der som vitnesbyrd om tida som var.

Harald Thune

ENTUSIAST: Harald Thune ville ikkje sjå på forfallet utan å gjere noko.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein rusletur mellom husa får ein til å tenke på alt det som må ha føregått på denne staden. Lyd frå saga og det store skovlhjulet til mølla, lukt av nysaga furuplank og nymalt korn. Og kanskje eplekassar på kaien. For fruktdyrking dreiv dei og med, ofredølene.

Vil berge kulturminnet

Ein som har teke turen til denne staden mange gonger er Harald Thune. Han bur på Årdalstangen og fatta interesse for Indre Ofredal då det var eit omfattande restaureringsarbeid på 1980-talet.

No har han teke initiativet til foreninga Indre Ofredal "ne´for sjøen". Målet er å berge kulturminnet for framtidige generasjonar.

– Eg har alltid likt meg godt i Ofredal, eg har vore der og fiska og gått tur. Og eg har interessert meg for bygningsmiljøet her lenge, eg var her ein del då Jakob Grøsvik dreiv med restaurering på 1980-talet.

Indre Ofredal - saga

LUTAR FRAM: Saga fekk seg ein knekk under Dagmar-stormen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Har masa på ordføraren

Det er Årdal kommune som eig bygningane i Indre Ofredal, og dei siste to åra har Thune vore hyppig gjest på ordførarkontoret for å presse på slik at noko blir gjort.

– Til slutt fekk eg gjennomslag, slik at eg i første omgang fekk tilgang til å gjere dugnadsarbeid. I tillegg starta vi ei veneforening, for det var det mest gunstige med tanke på å søke om midlar.

Dei har alt fått litt pengar, 80.000 kroner frå landbrukskontoret øyremerkte til kaiarbeidet, og så har dei fått 100.000 kroner frå gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank.

Indre Ofredal - våningshuset

STORT OG STASELEG: Våningshuset er måla og pussa opp både utvending og innvendig og står klart til å ta imot overnattingsgjester til våren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Håpar på mange gjester

Og dugnadsarbeidet syner att på det store våningshuset, som er måla utvendig. Inne er det vaska, måla og pussa opp, samstundes som det er lagt vinn på å ta vare på det opphavelege interiøret.

Til våren håpar Thune og veneforeninga at romma i huset blir fylte opp av overnattingsgjester. To personar skal bu i huset i sommarhalvåret, ta imot gjester og by folk som kjem på dagstur på mat og drikke.

I tillegg blir huset leigd ut til selskap som til dømes konfirmasjonar og bryllaup. Dette skal vere med på å skaffe dei pengane som skal til for å berga dei mest truga bygningane.

Verst er tilstanden for saga, som fekk seg ein knekk under stormen Dagmar for tre år sidan. I tillegg har stolpane som bygningen kviler på teke til å sige i framkant.

– Saga treng akutt hjelp, og det bør skje raskt. Vi bør helst kome i gang i løpet av 2016. Saga toler ikkje ein storm til av Dagmar-kaliber.

Det hastar og med å få sett i stand kaiane. Den store sjøbua er det alt gjort ein del med, men litt står att. Mølla ber og preg av forfall, men der er ikkje tilstanden så kritisk som på saga.

Ivar Seim

BUDDE I HUSET: Ivar Seim hadde fire av barneåra si i det store huset i Indre Ofredal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Stordrift fram til 1940

Ivar Seim er og med i styret i foreninga som skal ta vare på bygningane ved sjøen i Indre Ofredal. Han har eit nært tilhøve til staden.

– Mor mi kom herifrå, og eg budde sjølv her frå 1944 til 1948, då flytta vi inn til Årdalstangen. Dei første åra etter at vi flytta rodde vi ut nesten kvar helg for å hjelpe besteforeldra mine.

Då var velmaktsdagane til Indre Ofredal over.

– Fram til 1940 var det stordrift både med mølla og saga, og med fruktdyrking. I tillegg hadde dei post og telefon og dampskipsekspedisjon for Fylkesbaatane, så det var mykje trafikk.

Rundt 20 personar kunne vere i arbeid på saga.

– Men det var sesongarbeid, og sesongen var nokså kort. Det var når dei hadde fått fløytt tømmeret ned Ofredalselvi dei fekk saga det opp til plank og sendt dei med jekter til Bergen.

På 1980-talet var far til Ivar, Jan Seim, med på restaureringsarbeidet. No kjenner Ivar at det er hans tur til å ta eit tak.

  • Sjå innslag i Norge Rundt i 1988:
    Innslag i Norge Rundt i 1988 frå restaureringsarbeidet som vart gjort dne gong i Indre Ofredal.

    Norge Rundt var i Indre Ofredal i 1988. Reporter var Inge Kjell Holme og fotograf Asle Veien.

I ein periode fekk saga også tømmer frå Vettismorki. Dei solide furustammane vart sleppte utfor Vettisfossen, så fløytt ned Utla til Årdalsvatnet, slepa med båt ned til Årdalstangen, fløytt ned Hæreidselvi og så slepa vidare ut Årdalsfjorden til Indre Ofredal.

Indre Ofredal - saga og mølla

VERDFULL HISTORIE: Saga til venstre og mølla.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gode inntekter frå sag og mølle

I 1899 vart det kjøpt eit komplett møllebruk nær Bergen. Det vart frakta til Ofredal og installert i møllebygningen som stod ferdig i 1901. Hit kom bønder frå fleire bygder i indre Sogn med kornet sitt og fekk det malt.

– Eg veit at det kom korn frå Feios, Luster og Lærdal og andre bygder i Sogn. Her i Årdal var det lite korndyrking. Nokre bønder kom sjølv med kornet i ein færing og fekk med seg mjølet att på dagen. Andre sende det med Fylkesbaatane, seier Ivar Seim.

  • Sjå video:
    Entusiastar i Årdeal vil hindre viktig kulturminne frå forfall.

    Harald Thune fortel om kva dei vil gjere med saga. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Mølla var mellom dei største i Sogn og kunne male 1200 kilo mjøl om dagen. Det var to kverner, slik at dei kunne levere mjøl i to kvalitetar.

Og all denne aktiviteten gav gode inntekter. Berre eit blikk på den store hovudbygningen fortel at her har det vore velstand godt over dei karrige livsvilkåra som folk flest levde under i Årdal før industrialiseringa.

Innvendig er det teke vare på interiør som og vitnar om at folket her hadde råd til å skaffe seg eignedelar som årdøler flest måtte sjå langt etter.

Indre Ofredal - interiør

ORIGINALT INTERIØR: Ei av stovene i det store våningshuset.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Alle er gira på å få det til

Men i 2015 er det ikkje flust med pengar til å halde bygningane i Indre Ofredal ved like. Årdal kommune har dårleg økonomi og kan ikkje hjelpe til i særleg grad. Difor handlar mykje av arbeidet til veneforeninga om å skaffe pengar frå anna hald.

Harald Thune reknar med at det vil koste opp mot ti millionar kroner å sikre og restaurere saga. No orienterer han seg om kvar det går an å søkje om pengar, og så er det å sette seg ned og skrive så gode søknader at pengane strøymer inn.

– Det er klart at det blir mykje jobb og mykje papirarbeid. Men vi har eit flott og allsidig styre, og vi har gode folk å støtte oss til, mellom andre byantikvaren i Lærdal. Alle er gira på å få det til, og det er det viktigaste.

Indre Ofredal

IDYLLISK: Indre Ofredal sett frå fylkesveg 53 på andre sida av Årdalsfjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Difor er Harald Thune optimist, og han er ikkje i tvil om at det er verd å bruke tid, pengar og krefter på å få heile bygningsmiljøet i så god stand som mogeleg - særleg saga.

– Etter det Riksantikvaren seier er saga eineståande på den måten at det er både einblada og fleirblada oppgangssag, og det er ei meir moderne sirkelsag. Etter det eg har forstått er det berre her vi har alt dette samla.

Fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad set pris på initiativet til veneforeninga i Årdal.

– Vi er begeistra over at nokon vil ta tak og vil jobbe med å ta vare på bygningane.

Men ho kan ikkje utan vidare love fylkeskommunale pengar til arbeidet.

– Det blir meir utfordrande. Indre Ofredal har ikkje formell vernestatus, og er dermed ikkje eit prosjekt som automatisk får verkemiddel frå oss. Men eg er glad for at Riksantikvaren har fatta interesse. Det kan utløyse løyvingar, og vi vil gjere vårt beste for å finne løysingar i lag med dei som no har sett i gang restaureringsarbeid.

Fleire attraksjonar

No håpar Thune og Seim at både pengar og folk strøymer til Indre Ofredal når våren kjem. Samarbeid med Klingenberg Hotell på Årdalstangen skal syte for at turistar blir informerte om kva dei kan oppleve.

Og dei som tek turen får meir med på kjøpet. Mellom anna kan dei få køyre den brattaste vegtunnelen i verda. Ofredalstunnelen vart i si tid verdskjend fordi ingeniørane bomma aldri så lite. Då tunneldrifta var komen halvvegs, fann dei ut at dei var på villspor, dermed måtte resten av tunnelen få ei stigning på 15,5 prosent.

Ofredalstunnelen

ATTRAKSJON: Ofredalstunnelen fekk i si tid eit eige program i TV-serien Norske attraksjonar. Her ser vi 'knekken' der stigninga aukar til 15,5 prosent.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK