Hopp til innhold

– Tryggleiken blir sett på spel når brannvesen utfører politioppgåver

At brannmannskap må ta seg av politioppgåver er ikkje overraskande, seier fylkesleiaren i Politiets Fellesforbund. Han meiner det er rett og rimeleg at brannvesenet er fortvila.

Kjetil Drange

SYND: Leiar av politiets fellesforbund i Sogn og Fjordane seier det ikkje er første gong dei høyrer om brannvesenet som må utføre politiarbeid. Han tykkjer det er synd.

Foto: Politiet

– Det er synd at brannvesenet føler at dei må gjennomføre politiarbeid, seier leiar av politiets fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

Brannvesenet i Aurland er lei av å ta på seg det som vert rekna som politioppdrag. Dette kan vere alt frå husbråk og utrykking til ulykker der det mellom anna kan vere snakk om promillekøyring.

– I verste fall kan dette utgjere ein risiko når dei må inn å løyse oppdrag som faktisk krev kunnskap og trening som brannvesenet ikkje har. Så i aller høgste grad kan dette utgjere ein tryggleiksrisiko for det personellet som grip inn, seier Drange.

Politiet er trent for slike oppdrag, og Drange meiner det difor er dei som må løyse desse oppdraga.

Politiet er ofte sistemann

Fylkesleiaren i Politiets Fellesforbund er likevel ikkje overraska over at det er slik og forstår frustrasjonen i brannvesenet.

– Slik eg kjenner distriktet så er nok ikkje dette første gong vi høyrer at politiet er seint på staden og brannvesenet må gjere meir politiarbeid enn det som i utgangspunktet er intensjonen, seier han.

Måten brannvesenet er organisert på gjer at dei er på fleire stader enn politiet, og har dermed betre kapasitet til å rykke ut, meiner Drange. Så lenge situasjonen er slik vil ein ofte oppleve at ved ei trippelvarsling, der både brannvesen, ambulanse og politi vert kalla ut, så kjem politiet seint til staden.

– Vi treng fleire folk

Brannsjefen i Aurland meiner det er for lite politi i Sogn. Dei opplever altfor ofte at politiet er seint ute, eller at dei ikkje kjem i det heile.

– Vi har ein veldig krevjande geografi og få folk å spele på, så vi skulle absolutt hatt fleire folk slik at vi kunne ta hand om beredskapen betre, seier Drange.

Politimeister Ronny Iden seier at med politireforma er det lova at det skal kome fleire politifolk. Drange meiner ein må ha lit til politidirektoratet, men er likevel skeptisk.

– Eg er veldig spent på korleis beredskapen skal bli betre og kvar den skal bli betre. vi treng politifolk, og vi treng politifolk slik at vi i det minste klarar å halde på dagens beredskap, men skal vi bli betre så må vi ha fleire hovud å spele på, seier han.

Drange meiner det ikkje er grunn til å tvile på det brannvesenet fortel.

– Det er rett og rimeleg at brannvesenet gir uttrykk for det dei opplever. Så må vi prøve å handtere og syte for at dette berre er unntak og skjer i minst mogleg grad. Vi har jo ein viss yrkesstoltheit vi som arbeider i politiet, og vi ønskjer å gjere ein god jobb, fortel Drange.