Hopp til innhold

– Ferjefri E39 gjer Stad skipstunnel unødvendig

Ferjefri E39 på Vestlandet knuser regjeringa sin ambisjon om ein skipstunnel som vil gi meir transport på sjøen langs vestlandskysten. Det meiner Transportøkonomisk institutt.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

ETTERLENGTA FOR MANGE: Ivrige forkjemparar ønskjer ein Stad skipstunnel. No meiner Transportøkonomisk institutt at den ikkje er nødvendig.

Foto: NORDWEST3D

Instituttsjef ved Tøi, Lasse Fridstrøm.

SKEPTISK: Instituttsjef Lasse Fridstrøm meiner det ikkje er naudsynt med ein skipstunnel.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Lenge har planane om ein skipstunnel ved Stad vore forankra i at meir av varetransporten skal gå sjøvegen. Men instituttleiar Lasse Fridstrøm meiner ferjefri E39 vil bli den suverene transportåra langs vestlandskysten.

– I første omgang vil den vegen bety at store deler av kystfarten blir utkonkurrert. Det aller meste vil gå på veg, men unntak av dei tunge bulkvarene som stein og grus, seier han.

Meiner det går på tryggleik

Bølgjene slår innover mot land rett innanfor det stormfulle Stadhavet. Her håpar ordføraren i Selje, Ottar Nygård, at det i Nasjonal transportplan over påske skal kome ein eigen tunnel gjennom Stadhalvøya slik at båtane unngår det berykta havstykket.

– Det går på tryggleik, næringsutvikling, turisme og at meir gods skal frå veg til sjø, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Seljeordførar Ottar Nygård viser kvar skiptunnelen skal vere

SJÅ VIDEO: Seljeordførar Ottar Nygård viser kvar skipstunnelen er planlagd. Foto: Asgeir Reksnes, NRK

– Vegtransport er overlegen

Også regjeringa har sagt at meir av transporten skal frå land og over på sjøen. Det skal bane veg for færre forureinande vogntog både på Vestlandet, over fjellovergangane og gjennom Austlandet.

Men førre veke lanserte også regjeringa planane om ferjefri stamveg på Vestlandet innan 20 år med ein prislapp på 150 milliardar kroner. Derfor meiner instituttleiar ved Transportøkonomisk institutt, Lasse Fridstrøm, at regjeringa sjølve har gitt sine eigne vyar om meir sjøtrafikk langs vestlandskysten eit kraftig skot for baugen.

Samferdsleøkonomen meiner ferjefri E39 vil vere den overlegent beste transportåra på Vestlandet.

– Den nye vegen vil bli mykje raskare enn sjøtransport. Vegtransporten er i utgangspunktet overlegen i det at den går dør til dør.

Gods frå Stavanger

Fridstrøm trur likevel også at E39 kan gi eit nytt samspel mellom sjø- og vegtransport. Då ved ei sentralhavn til dømes i Stavanger-området som kan tene Vestlandet. Det innebærer at gods som i dag kjem frå Oslofjorden eller Gøteborg kan fraktast via Stavanger. Slik at både sjøtransport og vegtransport vert vesentleg kortare. Dette kan kanskje også få klimarekneskapen i positiv lei. Summen vil likevel vere at godstrafikken langs Vestlandet går på veg og ikkje på kjøl.

- Dette er eit stort forskingsprosjekt, som det hadde vore interessant å få svar på, og det er no eit ope spørsmål om korleis klimarekneskapen kjem ut, seier Lasse Fridstrøm.

– Eit dårleg reknestykke

Fridstrøm meiner uansett at Stad skipstunnel ikkje bør byggjast, han meiner at å bygge den vil vere eit eksempel på dårleg politisk samordning av samferdsleprosjekt.

– Eg meiner det er dårleg samferdslepolitikk å byggje begge desse to prosjekta. Sjøtunnelen er i utgangspunktet eit svært dårleg reknestykke. Den kostar mykje å byggje og den samfunnsøkonomiske nytten står ikkje i samsvar med kostnaden.

Kostar 1,56 milliard

Men Ottar Nygård har eit anna perspektiv der han ser mot Stadhavet frå sjøkanten i Selje kommune.

– Eg tur han tek fullstendig feil. Å ha all den godstrafikken langs vegen, må vi prøve å unngå.

Tunnelen skal gjere at båtane unngår landets mest stormfulle havstykke. Den vil koste 1,56 milliard kroner, og har vore eit krav frå eit samla Vestland i mange år.

Trur på gods på sjøen

Heile 18 ulike utgreiingar har blitt gjennomførte, no ligg prosjektet til godkjenning i regjeringa.

Heller ikkje regjeringa vil vere med på at E39 øydelegg visjonen om sjøtransport langs Vestlandskysten. Politisk rådgjevar i fiskeri og kystdepartementet, Tord Dale, seier dei ventar ein vekst i sjøtrafikken.

– Vi veit det vil komme aukande trafikkmengde i åra framover. Vi veit også at næringslivet vi finn langs kysten, er eksportretta. For dei som driv med olje, gass og marine næringar, er det suverent å frakte gods på sjøen.

Ventar på nasjonal transportplan

Dale vil likevel ikkje seie kva som skjer med tunnelen i nasjonal transportplan over påske.

– Det er ikkje tvil om at skipstunnelen er eit godt prosjekt, men no har regjeringa akkurat sagt vi skal byggje ferjefri E39. Men vi får det endelege svaret på regjeringa si haldning til skipstunnel i nasjonal transportplan, seier Dale.

Men hjå transportøkonomisk institutt er rådet frå instituttleiaren klart.

– Dersom vegen blir bygd, har vi ikkje bruk for Stad skipstunnel, seier Fridstrøm.