Hopp til innhold

NHO-direktør meiner ein ikkje kunne rekna med meir

NHO-direktør i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, meiner ein ikkje kunne vente meir enn det som vart lagt fram om ferjefri E39.

Jan Atle Stang

ER NØGD: NHO-direktør Jan Atle Stang meiner E39-planane er gode.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han er ikkje skeptisk til realismen i planane.

– Dei er vel så realistiske som dei kan bli. Vi hadde vel ikkje venta at det skulle komme ein fullfinansiert E39 frå Stavanger til Trondheim i ein slump. Dette er starten og vi har fått klårleik i at regjeringa vil sjå på dette som eit heilskapleg prosjekt. Det har vore NHO og LO sitt viktigaste argument då vi køyrde fram saka i februar, seier Stang.

Organisasjonane var då i Oslo og leverte opprop om at dette var ei viktig sak.

– Vi har vunne fram så langt som det var mogleg å vinne fram realistisk sett, seier Stang.

Høgre er skeptisk

– For meg og for alle andre vestlendingar er det no ein draum som skal gå i oppfylling, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho torsdag kveld kom med tidenes lekkasje frå Nasjonal Transportplan, ferjefri E39 mellom Trondheim og Stavanger i løpet av 20 år.

Men hovuddelen av rekninga må bilistane ta gjennom bomveg. Samferdslepolitisk talsmann i Høgre, Øyvind Halleraker er skeptisk til realismen i planane.

– Dei seier også at om og korleis dei andre strekningane vil bli bygde ut, vil først bli klart i den neste transportplanen. Det er altså om nye fire år, seier Halleraker.

– Men dersom ein har lova ferjefri veg, så har ein vel lova det?

– Det er langt fram på 20 år. Den regjeringa som sit no er ganske sikkert ikkje den same som sit om 20 år, seier Halleraker.

Bør vere stornøgde

Men NHO-direktør i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, meiner ferjefri E39 er flott.

– No kan vi få eit heilskapleg prosjekt for E39, og det meiner eg vi skal glede oss over. No er ikkje eg politikar, så eg har ikkje noko avgrensingar i høve det å glede meg over slike prosjekt. Eg meiner dette er noko som heile Vestlandet må vere stornøgde med. Vi kunne ikkje rekne med å komme lenger enn det vi har gjort her, seier Stang.

Frank Willy Djuvik som er Frp-leiar i Sogn og Fjordane, er noko meir avmålt.

– Eg jublar over at vi no har fått regjeringa med på å seie at vi skal realisere ferjefri E39 på 20 år. Det betyr at det er tverrpolitisk semje. Men dette skal betalast også, seier Djuvik.

Han meiner det hjelper lite at ein legg éin av 150 milliardar på bordet no, og seier at resten skal komme seinare.

Frank Willy Djuvik

SKEPTISK: Frank Willy Djuvik er skeptisk til realismen i planane om ferjefri E39.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Til sjuande og sist er det ressursane og pengane som byggjer vegen, seier Djuvik.

Han hadde venta meir.

– Eg hadde venta at ein hadde teke dette ut som eit eige prosjekt og sagt at ein her skal ha ei langsiktig finansiering, og at pengane ville komme etter kvart som prosjekta er planlagde, seier Djuvik.

Må sjå på neste korsveg

NHO-direktør Jan Atle Stang meiner ein må glede seg over at regjeringa har tenkt heilskap.

– Ein kan stille spørsmål ved korleis dette skal finansierast. Og at det må ein god del brukarfinansiering til, det kjem ikkje som ei overrasking. Men så får ein sjå på kor mykje dei ulike partane skal betale, seier Stang.

Han meiner det viktigaste er å ta inn over seg at regjeringa har komme med ei heilskapleg løysing.

– Vi får sjå ved neste korsveg, viss det kjem ny regjering, og om dei eventuelt kan gjere finansieringa meir etande for brukarane, seier Stang.