Hopp til innhold

53 mål på 60 minutt – nesten eitt i minuttet!

Handballdamene til Førde avslutta sesongen med stil, og slo Voss 53–10. Det heldt likevel akkurat ikkje til å nå toppen av tabellen.

Førde handball kvinner

STOD FOR MÅLFEST: Handballdamene enda to poeng bak serievinnaren, men leverte ein målfest utan like i avslutningskampen.

Foto: Førde handball

Men kampen mot Voss vart ein einaste målfest for Førde-damene, faktisk putta dei ballen i nettet nesten ein gong i minuttet.

– Det er ingen tvil om at dette ikkje skjer så ofte, så det viser berre kor gode jentene faktisk er, seier trenar Kristinn Gudmundsson.

... men vil ha jamnare kampar

Marit Ova Bøyum (t.v.) og Martine Vindheim

HAR STORSPELA: Martine Vindheim (t.h.) blei toppscorar under kampen mot Voss. Marit Bøyum vart kåra til årets venstreback i 2. divisjon. Arkivfoto.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Toppscoraren til Førde var Martine Vindheim som stod for 15 av måla under kampen på Sotra Arena 1.

Trass i målfesten, var det likevel ein draumekamp for laget.

– Det er ingen spesiell glede i å spele kampar med så stor forskjell. Vi har lyst å spele kampar som er jamnare. Det er det som er moro, men det er ingen tvil om at det var ei god avslutning, seier Gudmundsson.

Sjølv om det ikkje vart opprykk denne gongen, er han trygg på at dei har gode sjansar til å klare dette neste sesong. Det var berre to poeng opp til serievinnar Fyllingen.

– Det er ei målsetning at vi skal klatre, og slike mål meiner eg ein må ha, seier trenaren.

Trur neste sesong blir tøffare

Han overtok som trenar på hausten i fjor, og meiner spelarane har utvikla seg godt denne sesongen.

Kristinn Gudmundsson

NØGD MED LAGET: Trenar Kristinn Gudmundsson.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Du har jo Marit Bøyum som i går vart kåra til årets venstreback i 2. divisjon. Det er første årets ho spelar venstreback. Det er også mange fleire som har gjort det bra og teke steget vidare, seier Gudmundsson.

Når divisjonsoppsettet blir endra til neste sesong, kan det bety færre kampar med stor forskjell i poengsum.

– Seks avdelingar skal bli til fire og det betyr at dei fire-fem dårlegaste laga rykkjer ned i 3. divisjon. Då vil ikkje seriemeisterskapen berre stå mellom nokre få lag, og det meiner vi berre er positivt, seier han.

Fleire sterke prestasjonar

Stryn sitt damelag i same divisjon hamna til slutt på ein 8.-plass, med fire lag under seg på tabellen. Dei avslutta serien med tap, 22–23 mot Bjørnar, men fekk plaster på såret;

Asdis Sigurdardottir vart tildelt prisen for beste høgreback under den felles avslutninga i 2. divisjon for menn og kvinner. Claudia Correia vart årets toppscorar i avdelinga.

På herresida enda også herrelaget til Stryn som nummer åtte på tabellen. Gloppen Handballklubb kunne på si side feire ekstra i går. Dei var best i si avdeling i 3. divisjon og skal no spele om opprykk til 2. divisjon.