Hopp til innhold

Denne keeperkjempa skal ta Førde til topps

(FØRDE-FANA: 18-22): Alt rakna for Førde dei siste minutta mot Fana i andre runde av NM-cupen. Førde-trenaren vedgår at det er surt og bittert, men held hovudet høgt heva og drøymer vidare om opprykk i serien.

Kristinn Gudmundsson

OPPRYKK: Førde-trenar Kristinn Gudmundsson meiner det må vere lov å drøyme stort. – Har vi ikkje ambisjonar og draumar kan vi berre droppe dette.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi er kjempesure etter tapet. Alt skjer dei siste minutta. Men vi må fokusere på det gode i kampen og sjå framover, seier Kristinn Gudmundsson.

Og når den høgreiste 38-åringen frå Island seier framover, så meiner han sesongstart for damelaget til Førde i 2. divisjon. Firemålstapet mot Fana i andre runde av NM-cupen laurdag vil han raskt legge bak seg. Med seg på vegen tek han det positive.

– Vi står veldig godt i forsvar. No skal vi finne løysingar på angrepsspelet der vi veit vi har utfordringar, seier han.

– Vi må tore å drøyme

Den islandske kjempa har ei fortid som keeper i islandsk eliteserie. Etter å ha vore trenar for både Volda og Stryn har han no skrive under ei treårskontrakt med Førde. Her skal han vere handballtrenar på heiltid, og har ansvar for både damelaget og jentehandballen ned til 12 år.

– Eg har vore imponert over det dei har fått til i Førde, og vart kjempestolt då dei ville ha meg til å ta laget eit steg vidare, seier islendingen.

For etter fleire år med litt stong ut håpar Gudmundsson at denne sesongen skal bli jubelsesongen. I fjor var Førde eit mål unna kvalik, og han legg ikkje skjul på at kvalik og opprykk er det laget jobbar mot.

– Vi har ambisjonar om å kjempe i toppen og vi vil ha seier i region Vest.

– Vi drøymer om opprykk og det er vår klare målsetting. Vi må tore å drøyme, og tore å sette oss slike ambisjonar. Så må vi berre jobbe hardt, seier familiefaren.

Veit «alt» før første kampen

Han understrekar at han ikkje vil verke arrogant når han set det som mål for laget sitt.

– Om vi ikkje har ambisjonar og draumar kan vi berre droppe dette. Vi må kaste oss ut i det og ikkje vere redde for å snakke om det, seier han.

Han skryt av moralen i laget, og gler seg til å finpusse forma inn mot første seriekamp 13. september.

– Vi har hatt ei god oppkøyring til no, og skal halde fram med dei gode tinga vi får til i laget.

Første kampen går mot Stryn, laget Gudmundsson trente i fjor. Han flirer når han vedgår at han dermed kjenner laget sine styrker og svakheiter ganske godt.

Det blir spennande og kjekt, gliser han.