Hopp til innhold

52 kraftmillionar har forsvunne «over natta»

12 kraftkommunar i Sogn og Fjordane tapar over 52 millionar kroner i eigedomsskatt neste år. Totalt tapar norske kraftkommunar 379 millionar kroner. – Urimeleg og svært alvorleg, meiner advokat Caroline Lund.

Stuvane kraftverk

KRAFTTAP: Lærdal er ein av kommunane der inntektstapet rammar hardast. Bildet syner Stuvane kraftverk på Ljøsne.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Summane kjem frå tal som Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK) og Europower har henta inn frå Skattedirektoratet.

Den store nedgangen i inntekter frå eigedomsskatt på verk og bruk rammar om lag halvparten av alle kommunane i fylket.

I sum går det verst ut over Aurland som mister 12,4 millionar kroner. Men mest alvorleg er det for Lærdal, som i prosent mister nær halvparten av budsjetterte inntekter frå eigedomsskatt.

Redusert rente

Ei viktig årsak til skattenedgangen er at staten ikkje har redusert renta som blir nytta når verdien på kraftverka skal setjast.

– Det burde vere openbert for alle at vasskraftanlegga i Norge ikkje har redusert verdien sin med 54 milliardar på eitt år, slik tala frå Sentralskattekontoret viser. Årsaka ligg i kapitaliseringsrenta. Jo lågare den er, jo meir verdi har kraftverket. Renta er sett for høgt, meiner Caroline Lund, som sit i det juridiske sekretariatet i LVK.

Om departementet hadde fastsett kapitaliseringsrenta ut frå den vedtekne forskrifta, ville renta i dag vore under tre prosent. I dag er den 4,5 prosent, held ho fram.

Advokat Caroline Lund

KRITISK: Advokat Caroline Lund.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Kommunane blir straffa av lågare kraftpris, men får ikkje gleda av den generelle rentenedgangen elles i samfunnet, meiner advokat Lund.

Kapitaliseringsrenta vart sist endra i 2011.

Auka grunnrente

Lund seier at kraftverka sine utgifter også er auka.

– Utgiftene har auka på grunn av at grunnrenteskatten har auka, seier ho.

Grunnrenteskatten er ein statleg skatt, som kraftverka kan trekke frå eigedomsskattgrunnlaget.

Staten har endra prosentsatsen for grunnrenteskatten frå 31 prosent i 2014, til føreslegne 34,3 prosent i 2017.

– Det er urimeleg at ei auke i staten sine inntekter skal redusere inntektene til kommunane, meiner Lund.

Departementet har redusert renta for det såkalla skjermingsfrådraget i tråd med den generelle rentenedgangen. Renta som blir nytta for å berekne Staten si grunnrenteskatt frå dei same kraftverka er fastsett til 0,7 prosent. Når Staten reknar ut eigedomsskatten er renta 4,5 prosent.

– Denne forskyvinga av skattegrunnlag frå kommune til stat er urimeleg og i strid med kraftskatteforliket. LVK har difor i brev til Finanskomiteen støtta bransjen sitt krav om endringar i grunnrenteskatten, seier Lund.

Kraftlinjer

IKKJE RIKE: Berre eit fåtal av kraftkommunane er rike rekna per innbyggar. Dei fleste er gjennomsnittskommunar, ifølge LVK. Kraftline frå Aurland.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ikkje rike

Ho er også lei fokuset på dei «rike» kraftkommunane. Kraftkommunar er distriktskommunar og dei fleste har inntekter under landsgjennomsnittet. Berre eit fåtal er «rike».

– Vi har teke dette opp med Stortinget under budsjetthandsaminga. For konsekvensen av skattebortfallet er ikkje tilsikta, og det stod ingenting om dette i statsbudsjettet. Å endre renta vil heller ikkje føre til konsekvensar for andre postar i statsbudsjettet, hevdar Lund.

Dette taper 12 kraftkommunar i Sogn og Fjordane:

  • Aurland: 12,37 millionar
  • Luster: 11,83 millionar
  • Lærdal: 6,5 millionar
  • Vik: 5,0 millionar
  • Høyanger: 4,92 millionar
  • Bremanger: 4,7 millionar
  • Årdal: 2,7 millionar
  • Sogndal: 1,7 millionar
  • Balestrand: 1,43 millionar
  • Jølster: 805 000 kroner
  • Førde: 360 000 kroner
  • Askvoll: 3592 kroner