Hopp til innhold

Katastrofetal for kraftkommunane

Kraftkommunar får kraftig reduserte inntekter frå eigedomsskatt neste år. – Dette er dramatiske tal, seier rådmann Oddbjørn Ese i Vik kommune.

Styggevassdammen i Jostedalen

LÅGARE VERDI: Nedgangen i kraftprisane fører til at verdien på kraftverka minkar. No skal kraftselskapa derfor betale mindre eigedomsskatt til kommunane.

Foto: Statkraft

I går tikka det inn ei sjokkmelding frå sentralskattekontoret til kraftkommunar.

Den fortel om nye verdifastsetjingar av kraftverka og legg grunnlaget for kor mykje inntekter kommunane kan vente seg i eigedomsskatt på verker og bruk neste år.

Noko av uføret skuldast låge kraftprisar som gjev dårlegare inntening og som påverkar verdien på kraftverka. Dette igjen påverkar kva kraftverka må betale i eigedomsskatt til kommunane dei er plassert i.

Innhaldet i meldinga har potensial i seg til å vere nær katastrofale for enkelte av kommunane:

  • Lærdal budsjetterte med 15 millionar i eigedomsskatt for 2017. Det kan bli redusert med 6,6 millionar kroner – cirka 44 prosent.
  • Aurland budsjetterte med 55 millionar kroner. No kan kommunen miste over 10 millionar – nær 20 prosent.
  • Årdal kommune kan miste 2,7 millionar.
  • Luster kommune kan tape nær 12 millionar.
  • Vik kan miste 5 av 16 millionar, og mister også andre kraftinntekter.

Store følger

Nedgangen er så stor at det kan få alvorlege følger for fleire kommunar.

– Eg er bekymra. Vi har ikkje fått tala stadfesta, men dei ser reelle ut. Og då er det svært ille, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal kommune.

Nedgangen kjem på toppen av nedgangen i same eigedomsskatt i fjor. For Lærdal kommune, som frå før slit økonomisk, er tala alvorlege.

Nedgangen er også stor i nabokommunen Aurland, som er den største kraftkommunen i fylket. Aurland budsjetterte med 55 millionar i eigedomsskatt på verk og bruk i 2017.

Noralv Distad

ALVORLEG: – Ein alvorleg reduksjon i inntektene våre, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi får ein nedgang i overkant av 10 millionar kroner. Viss dette går igjennom er det heilt klart ein alvorleg reduksjon i inntektene våre. Vi veit at det er dårlegare inntening i kraftbransjen, men vi hadde ikkje rekna med at det skulle få så store utslag, seier Distad.

Dramatisk

I Terra-kommunen Vik kallar rådmann Oddbjørn Ese tala for dramatiske.

– Vi har andre inntekter frå kraftverka som lir same skjebne. Samla blir det store tal, samla er dette dramatisk, seier Ese.

Rådmann Oddbjørn Ese

DRAMATISK: – Samla er dette store og dramatiske tal, seier rådmann Oddbjørn Ese i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Høyanger seier økonomisjef Ingvar Linde at dei ikkje har tala klare enno. Det hadde dei heller ikkje i Bremanger kommune måndag kveld, ifylgje rådmann Tom Joensen. I Luster torde ikkje ordførar Ivar Kvalen å spå noko, men frykta stygge tal og skal sjå nærare på situasjonen tysdag.

Hjå Landssamanslutninga for vasskraftkommunar prøver dei å få inn alle tala frå medlemskommunane sine.

– Vi arbeider med å få ei oversikt, seier Thea Karoline Bogen i sekretariatet.