Hopp til innhold

– Vi skal snart ikkje få noko kraftpengar att

Kraftkommunane merkar at straumen blir mindre verdt, samstundes overfører staten kraftinntekter frå kommunane til seg sjølve.

Petter Sortland

MISNØGD: Staten stikk av med kraftpengar meiner Ap-ordføraren i kraft- og industrikommunen Høyanger.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er trasig å miste så mykje pengar, vi hadde ikkje budsjettert med ein slik nedgang, seier Petter Sortland (Ap) som er ordførar i Høyanger.

I dag fekk han beskjed frå økonomisjefen om at kommunen taper fem millionar kroner i eigedomsskatteinntekter frå kraftanlegga.

Liknande meldingar har kraftkommunar over heile landet fått få Sentralskattekontoret dei siste dagane.

– Høyanger taper tett på fem millionar kroner. Frå 21,6 til 16,7 millionar. Det føyer seg i rekka av at kraftkommunar i distrikta som stiller naturen sin til rådvelde for fellesskapen snart ikkje skal få noko som helst att, det forargar oss, seier Sortland.

Men har ikkje kraftkommunane mykje pengar frå før, og må tole at det av og til blir mindre i kommunekassen?

– Vi har stilt ressursane til rådvelde for fellesskapen, det er eit paradoks at Oslo ikkje har eigedomsskatt fordi dei tek ut utbytte på kraft produsert i Aurland. Eg meiner ein må få

Høyanger

KRAFTKOMMUNE: Kraftverka har gitt Høyanger industri og store inntekter. Men inntektene frå krafta er fallande.

Foto: NRK

rettferdig betalt for bruken av naturen vår.

(Innbyggarar i Oslo må betale eigedomsskatt frå og med 2016, i fylgje Aftenposten vil i underkant av 80 prosent av bustadane sleppe skatten heilt i år. Men etter kvart vil fleire måtte betale. journ. merknad.)

Tapar pengar på låge prisar og endra skattesystem

Eigedomsskatteinntektene for kraftkommunane går nedover. Ei hovudårsak er låge straumprisar som reduserer verdien på kraftverka.

Men i tillegg har staten auka grunnrenteskatten på kraftanlegga, det fører til auka inntekter for staten, medan grunnlaget for eigedomsskatt går ned. Dessutan kranglar vertskommunar med kraftselskapa om skattlegging av oppgraderte kraftanlegg.

Til saman svir summane for kommunane:

  • Lærdal kommune har samla dei siste tre åra tapt 15 millionar kroner i inntekter Tapet i år er rekna til å bli 6,6 millionar kroner.
  • Aurland budsjetterte med 55 millionar kroner. No kan kommunen miste over 10 millionar – nær 20 prosent.
  • Årdal kommune kan miste 2,7 millionar.
  • Luster kommune kan tape nær 12 millionar.
  • Vik kan miste 5 av 16 millionar, og mister også andre kraftinntekter.

Vil ha Stortinget til å rydde opp

Landssamanslutninga for vasskraftkommunar vil no at Stortinget ryddar opp slik at kraftkommunane kan få føreseielege rammevilkår.

Caroline Lund

KREV ENDRING: Høgsterettsadvokat Caroline Lund meiner kommunane betalar prisen for regjeringa sine skatteletter.

Foto: Frank Nygård / NRK

Høgsterettsadvokat Caroline Lund i LVK seier kommunane er innforstått med at svingingar i straumprisen endrar på inntektene, men meiner det må ryddast opp i skattereglane:

– Den auka grunnrenteskatten fører til mindre pengar til kommunane. Staten har auka grunnrenteskatten for å behalde inntektene sine etter at dei justerte ned selskapsskatten. Men når dette gir mindre i eigedomsskatt blir det i realiteten kraftkommunane som tek rekninga for skatteletten.

Det andre er måten kraftselskapa bokfører utgiftene sine ved rehabilitering av kraftverka.

– Desse utgiftene burde vere rekneskapsført annleis slik at det ikkje fører til skattetap for kommunane, her må Stortinget skjere gjennom, seier Lund.