Hopp til innhold

Utlendingar gamblar med livet i Norge - 17 av 27 omkomne dykkarar er utanlandske

Utlendingar som dykkar i privat regi utgjer storparten av dei som døyr i dykkarulukker i Norge. Sidan 2010 har 17 utlendingar omkome i Norge.

Dykkarar

ULUKKER: Dykking i Norge er populært både blant utanlandske og norske dykkarar, men krev diverre også liv. Til no i år har tre dykkarar omkome i Norge – alle utanlandske.

Foto: Christian Skauge / dykkefoto.no

Christian Skauge, erfaren dykkar og redaktør i bladet «Dykking», er overtydd om at fleire av dødsulukkene kunne vore unngått.

For mange får problem med å forklare kvar dei er når ulukka først er ute. Enkelte kan ikkje ein gong nummeret til naudetatane. Då går minuttane fort.

– Eg var borti eit tilfelle med nokre utlendingar for nokre år sidan. Dei var faktisk ikkje klare over kvar dei skulle ringe for hjelp, seier Skauge.

Viktig lokalkunnskap

Mellom 10 000 og 20 000 nordmenn driv aktivt med fritidsdykking her i landet. Sidan 2010 har 27 dykkarar omkome i Norge.

Christian Skague

KOMBINASJON: Christian Skauge fortel at ein kombinasjon mellom fysisk og psykisk stress kan vere årsaka i mange dødsulukker. – Den kan bli såpass stor at nokre får panikk og går for fort til overflata, som vi veit kan vere farleg for dykkarar, seier han.

Foto: Trine Rasch-Olsen / Natur&Foto

Men fåtalet er overrepresentert i den dystre statistikken. Under dykking i Solund for litt over to veker sidan, vart ein dansk mann i 60-åra den 17. utanlandske dykkaren som omkom i Norge sidan 2010.

Årsaka er førebels ukjend, men som mange andre nytta ikkje dykkarfølgjet lokalt dykkesenter. Skauge meiner fleire ulukker kunne vore unngått ved å nytte slik lokalkunnskap.

– Ein ting er å gje god nok rettleiing til redningsmannskap, men det går også på enkle ting som kan førebyggje ulukker. Kunnskap om lokale straumforhold, vind- og bølgjeforhold. Slike ting kan i veldig stor grad påverke dykkinga, seier han.

– Strengare reglar

Monica Bakkeli og Ørjan Sandnes

GULEN: Monica Bakkeli og Ørjan Sandnes driv Gulen dykkesenter.

Foto: Privat

Monica Bakkeli ved dykkesenteret i Gulen vil ikkje spekulere i om den siste dødsulukka kunne vore unngått om dei var med, men ho trur det ville gitt eit tryggare utgangspunkt.

Ho meiner det burde vere strengare reglar for utanlandske dykkarar i Norge. Også Norges Dykkerforbund er uroa over den aukande tendensen.

– Vi ser at utanlandske dykkarar må rettleiast meir enn norske dykkarar, som kjenner forholda og som har tatt sertifikata i Norge. Dei har føresetnader til å dykke på eiga hand. Utanlandske dykkarar tek større sjansar og har ikkje høyrt erfaringar som andre har gjort seg frå stadar å dykke på, seier ho.

Ynskjer organisert dykking

Også politiet i Solund oppmodar på det sterkaste å bruke erfarne lokalfolk ved dykking.

– Dykking bør gå føre seg i organiserte høve. Det vil politiet heilt klart anbefale, seier politioverbetjent Roar Brudevoll ved Solund lensmannskontor.

Naudetatane brukte over ein time på å komme fram til ulukka i Solund. Årsaka var at det var uklart nøyaktig kor dykkarane var. Ei misforståing som kunne vore unngått, meiner Skauge.

– Nyttar ein eit dykkesenter, som kjenner forholda, som har alarmplan og naudprosedyrar, så er ein sikra ei heilt anna oppfølging og kan få hjelp mykje, mykje raskare, seier dykkaren.