Barnehagelova tilrår at det ikkje bør vere meir enn 18 ungar i ei barnehageavdeling med ein pedagogisk leiar og to assistentar.
Skal sparepengar
Då Flora kommune auka talet ungar i avdelingane i år 2000, var protestane høglytte. Likevel vedtok bystyret i går å auke talet ytterligare til 20 per avdeling. Dette vil kommunen spare 1,2 millionar kroner på i året.
- Arrogante politikarar
Leiar i foreldreutvalet i Havreneset barnehage Ann Kristin Winterthun fryktar no for kvardagen til dei minste, og meiner politikarane er arrogante.
På bystyremøtet i går vedtok politikarane samstundes å bygge ein storhall til 15 millionar kroner.