Hopp til innhold

2. divisjons-exiten er eit faktum - no startar snuoperasjonen

Jotun fekk ikkje fornya kontrakten i 2. divisjon. Dermed må årdølane ta den tunge vegen ned i 3. divisjon.

Torstein Kvam

TUNG DAG: Sportsleg leiar i Jotun, Torstein Kvam, legg ikkje skjul på at det er tungt å innsjå at fylkets tidlegare flaggskip i handball no må ta turen ned i 3. divisjon.

Foto: Siren B. Svortevik

– Klart det er tungt. Men vi har sett lenge kva veg det har sett ut til å gå. Med det mannskapet vi har no er det like greitt at vi må ta vegen ned i 3. divisjon. Eg tippar dei vil prøve å byggje opp att laget og ta det derifrå, seier sportsleg leiar i handballklubben, Torstein Kvam.

Jotun augna håp i hengjande snøre då Fyllingen i går vann sin eine kvalifiseringskamp til 1. divisjon mot Pors. Men i dagens play off mot Volda hadde ikkje Fyllingen ein sjanse og tapte 14–23 mot sunnmøringane.

Dermed var 2. divisjons-exiten eit faktum for det tidlegare så meritterte handballaget frå Årdal.

Gir seg etter åtte år

Kvam har signalisert at han ønskjer å gje seg etter sesongen, etter åtte år som sportsleg leiar.

– Eg trur det må nye kostar inn, fleire stadar. Det har vore ei tung tid, med mange utfordringar denne sesongen, seier Kvam.

Jotun var for kort tid sidan Sogn og Fjordane sitt store flaggskip i handball. Men årets sesong har vore av det trasige slaget, og ein av dei største nedturane klubben har hatt på mange år.

Ambisjonen før sesongstart, om å kjempe om ein plass heilt i toppen, buklanda fullstendig.

Utlendingsnemnda sette ein effektiv stoppar for klubben sine planar om å bruke Marija Mudronja og Sladjana Perazic frå Montenegro til å styrkje laget.

Har vore mykje stong ut

Deretter trekte nøkkelspelarane Marianne Stedje Øren, Ramona Szabo og Katalin Zamolyi seg etter misnøye med trenar Olafur Sveinsson.

– Hadde desse tinga klaffa, trur eg det var vi som hadde spelt kvalifisering til 1. divisjon i dag, og ikkje Fyllingen, seier Kvam.

Også to andre styremedlemmer går ut av Jotun-styret etter sesongen. Dermed er det eit mødesamt arbeid som må gjerast for å tette hola. I tillegg til at laget må styrkjast.

– Det blir nokre møter om korleis vegen vidare blir. Vi skal ha første møte til veka, så får vi sjå, seier Kvam.

Trass i ein tung dag, har Kvam tru på at flaggskipet Jotun kan reise seg som fugl fønix.

– Det er mange eksempel på klubbar som har komme sterkt tilbake etter ein tur ned i divisjonane, seier Kvam.