Hopp til innhold

1900 fleire flaug her i mai

I mai månad hadde Florø lufthamn ein passasjerauke på 1924 personar, noko som utgjer 18 prosent meir enn mai i fjor.

Stadheim og lufthamn

NØGD: Flyplassjef ved Florø lufthamn, Siv Merete Stadheim, er nøgd med auken både i mai og for årets fem første månader.

Foto: Steinar Lote/Birger Meland / NRK

– Vi er svært godt nøgde. Vi har hatt ein god auke både på flypassasjerar, men også på helikopterpassasjerar i mai månad, seier flyplassjef ved Florø lufthamn, Siv Merete Stadheim.

– Vi ser at når offshorepassasjerane aukar, så påverkar det også flypassasjerane våre. Men det blir litt synsing. Vi har ikkje nøyaktig statistikk på kven som flyg meir eller mindre, seier Stadheim.

Næringslivet påverkar

Ho har likevel notert seg at det har vore ein auke i mannskapsskifte i Florø.

– I tillegg er påverkar alltid aktiviteten i næringslivet i regionen flytala for Florø lufthamn, seier Stadheim.

Ho held fram at dei også har hatt ein god regularitet, noko som også kan vere med på å forklare tala.

Men også tala for dei fem første månadene syner at flytrafikken til og frå Florø lufthamn har stige jamnt.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Widerøe tar over

Widerøe tar over

Nær 9500 fleire enn i fjor

I løpet av dei fem første månadene i 2012 har 76.165 personar reist via Florø. Same tal for i fjor var 66.727. Det betyr at 9438 fleire reiste via flyplassen i år i høve i fjor.


– Totalt har vi ein auke på om lag 14 prosent, og det er vi godt nøgde med. I denne perioden har vi skifta frå DAT til Widerøe. Det er sjølvsagt gledeleg å sjå at dei held fram den gode trafikkutviklinga som DAT hadde i si periode, seier Stadheim.


Widerøe tok nemleg over for DAT med flygingar til og frå Florø.

– Årsaka er nok også at kundane er nøgde med rutetilbodet som flyselskapa tilbyr. I tillegg har aktivitet i området vårt ein god del å seie, både på utgåande og innkommande passasjerar, trur Stadheim.

Kan bli travelt framover

Ifølgje firdaposten.no kan det bli 30 avgangar og landingar torsdag dersom streiken held fram.

– Dei siste signala eg har fått, er at vi må førebu oss på å ta imot trafikken frå Førde lufthamn Bringeland i morgon, i tillegg til vår eigen. Eg reknar med at dette skal gå breitt, seier Stadheim til avisa.

Dersom streiken framleis står på torsdag kjem ein til å frakte Bringeland-passasjerar til Florø med buss, der Widerøe vil bly dei til Bergen og Oslo. Motsett veg vil Bringeland-flya lande i Florø, og passasjerane vil bli transporterte austover med buss.