Hopp til innhold

Streik lammar Nordsjø-trafikken

Streiken blant vektarane råkar helikoptertrafikken mellom Florø og Nordsjøen.

Helikopter på Florø lufthamn

PÅ BAKKEN: Det er ingen helikoptertrafikk mellom Florø og Nordsjøen så lenge vektarstreiken pågår.

Foto: Truls Kleiven

Dagleg er det mellom seks og åtte avgangar til og frå Florø og Nordsjøen, som omkring 250–300 personar nyttar seg av. Søndag blei det sett opp fleire ekstraavgangar for å frakte mannskap til og frå plattformane, men frå klokka seks i dag tidleg var det full stopp.

– Vektarane ved heliporten er tekne ut i streik, så no er det ikkje trafikk mellom Florø og Nordsjøen, seier lufthamnsjef i Florø, Siv Merete Stadheim.

Kring 15 vektarar arbeider på heliporten. Dette er tryggleikskontrollen som Nordsjøarbeidarane må gjennom før dei kan setje seg i helikopteret til oljeplattforma. Men vektarstreiken gjer no at ingen kjem seg til eller frå.

Reknar ikkje med store tap

At personellet ikkje blir skifta skal likevel ikkje påverke produksjonen og drifta på plattformane, seier pressetalsmann i Statoil, Ola Anders Skauby.

– Dette råkar først og fremst det å få rotert personell. Når det gjeld produksjonen, har ikkje dette nokre større konsekvensar, seier han.

Han trur heller ikkje at streiken vil føre til støre økonomisk tap for selskapet.

– Nokre personar må kanskje jobbar overtid og inn i friperioden sin. Men større økonomiske konsekvensar vil det ikkje ha, så lenge vi held produksjonen i gang.

Rutetrafikk som normalt

Helikoptertrafikken er heilt stoppa i Florø og Kristiansund, men går som normalt i Brønnøysund. På Sola og Flesland er det noko redusert drift.

Den vanlege rutetrafikken i Florø og dei andre lufthamnene i Sogn og Fjordane er ikkje råka av vektarstreiken. Men vektarstreiken gjer at det ved fleire flyplassar i landet er lange køar i sikkerheitskontrollen, men så langt har ikkje dette påverka flytrafikken til og frå fylket i særleg grad.