Jan-Henrik Fredriksen meiner Widerøe flytta kostnader frå Florø til konsesjonane for lufthamnene på Sandane og Ørsta/Volda.
MISTA: Frå 1. april er det Widerøe, og ikkje DAT-flya, som lettar og går inn for landing i Florø.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK– Det eg finn mest underleg er at Widerøe aktivt bruker ei form for kryssfinansiering med hjelp frå andre flyplassar. Eg meiner det moralsk og etisk strir mot både intensjonane og regelverket til Konkurransetilsynet, seier han.
Krev 0,- i tilskot
Widerøe vann tilbake flyrutene til og frå kystbyen etter at dei leverte inn eit anbod som kravde null kroner i statleg støtte.
LURERI: Jan-Henrik Fredriksen i Frp skuldar Widerøe for lureri.
Foto: Sigve Nedredal / NRKDet skjer samstundes som at anbodsprisen på Anda og i Ørsta/Volda auka med nær 50 prosent frå 2009 til årets anbodsrunde.
– Det er nesten slik at ein må klype seg i armen, seier Fredriksen, som no ber Samferdsledepartementet gjere ei ny vurdering av anbodsrunden.
Avviser skuldingane
Widerøe avviser at dei bevisst har auka anbodsprisane for Anda og Ørsta/Volda for å kunne drive rutene til og frå Florø utan tilskot frå staten. Richard Kongsteien møter påstandane frå Fredriksen med himlande auge.
Han seier rutene i Florø er så populære at dei ikkje treng tilskot.
AVVISER: Richard Kongsteien i Widerøe.
Foto: Knut Eirik Olsen / NRK– Påstanden er heilt absurd og grunnlaget fullstendig feil. Marknaden har styrka seg slik at behovet for tilskot er blitt merkbart lågare, seier han.
Kjøper fleire tenester
– Men nær 50 prosent auke i krav om tilskot på Sandane Lufthamn Anda og Ørsta/Volda, i høve til 2009. Kva er forklaringa di på at det er så stor auke der, medan det er nedgang i Florø?
– Det er ikkje så veldig vanskeleg å forklare. Det er rett og slett at staten kjøper fleire tenester på desse flyplassane, seier Kongsteien.