Hopp til innhold

Vekst på alle flyplassane

Sogn- og fjordingane flyg stadig meir. I januar auka trafikken på alle dei fire flyplassane i fylket.

Førde lufthamn, bringeland

AUKAR OG AUKAR: Stadig fleire vel fly inn og ut av fylket når dei skal ut og reise.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Sandane Lufthamn - tårnet

ANDA: Sandane lufthamn hadde ein passasjerauke på 23,4 prosent i januar.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Sogndal lufthamn

HAUKÅSEN: Sogndal lufthamn auka med 6,3 prosent.

Widerøe-fly på Førde Lufthamn

BRINGELAND: Førde lufthamn hadde 11,2 prosent fleire passasjerar i januar, i høve til same tid i fjor.

Foto: NRK
Florø lufthamn

FLORØ: Fylket største lufthamn auka passasjertalet med 2,5 prosent - inkludert offshortrafikken - i januar.

Foto: Birger Meland / NRK

Det viser Avinor sin statistikk over tal passasjerar ved norske flyplassar.

Sandane tek av?

Størst auke har Sandane lufthamn, med heile over 23 prosent. I overkant av 3000 passasjerar flaug via Anda i januar.

– Det er tydeleg at folk likar å fly frå Sandane, seier ein godt nøgd lufthamnsjef, Jon Granheim.

Han seier både næringsliv og privatpersonar støttar opp om flyplassen.

– I tillegg har vi hatt god regularitet på Widerøe sine flygingar, fastslår lufthamnsjefen.

Trass formidabel auke, Sandane er framleis dessidert minst av dei fire flyplassane på kortbanenettet i Sogn og Fjordane.

Sogndal lufhamn Haukåsen noterte seg 5500 passasjerar i januar. Det er ein auke på 6,3 prosent.

Stor vekst i Førde

Førde lufthamn Bringeland auka 11,2 prosent og hadde nær 7000 passajserar i årets første månad.

– Det er veldig hyggjeleg å ha slike tal tidleg på året, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal.

Som sin kollega på Sandane forklarer Gjesdal veksten med mykje reising både blant næringsliv og privatpersonar.

– I tillegg har vi hatt ganske bra regularitet i januar, trass i mykje snø. Widerøe har vore punktlege.

Minst auke i Florø

Den største av flyplassane i fylket, Florø hadde minst vekst i januar. Flytrafikken auka med 1,4 prosent til drygt 9500 passasjerar. Medrekna helikoptertrafikken til Nordsjøen blir veksten 2,5 prosent, - totalt 13.000 passajerar.

– Det gjeld nok det same for dei andre lufthamnene som for oss. Næringslivet går godt. Folk har god råd og ønskjer å reise. Fly er lettvint og enkelt og bruke, og relativt rimeleg, seier lufthamnsjefen i Førde.