19 av 26 kommunar bryt lova

Heile 19 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane manglar ROS-analysar i tråd med lova; analysar som skal hjelpe dei å takle kriser som terror og ekstremvêr.

Flaum i Flåm

EKSTREMVÊR: Aurland er ein av kommunane som manglar ein ROS-analyse i krav med lovverka. Dei får likevel skryt frå alle hald, også fylkesberedskapssjefen, for korleis dei handterte flaumen i Flåm hausten 2014.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Eirik Hildal
Journalist

– ROS-analysar er eit viktig og heilt nødvendig kunnskapsgrunnlag for kommunane i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Då er det ikkje bra at altfor mange av dei ikkje er i tråd med krava i lova, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Alle kommunar skal gjennom Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) kartleggje risiko og tiltak ved store hendingar, som til dømes ekstremvêr eller terror.

Er langt att

Men fem år etter Lov om kommunal beredskapsplikt kom, er det langt att til kommunane har den lovpålagde oversikta over kva som truar lokalsamfunnet og korleis dei skal takle det. Berre sju kommunar i fylket har analysar som er i tråd med lova (sjå tabell lenger nede).

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

KS-LEIAR: Jenny Følling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg synest det var ganske mange kommunar som har manglar, er KS-leiar i fylket, Jenny Følling.

– Det er eit viktig område som det er viktig at kommunane har eit ekstra auge på, når ein avdekkjer at det faktisk er så mange som har manglar på dette området, legg ho til.

Store manglar i heile landet

NRK kartla i vår kommunane sitt arbeid. Under 40 prosent av landets kommunar hadde då ROS-analysar i tråd med lovverket. Gjennomgangen viste også at det er langt mellom den fylkesmennene og kommunane sine oppfatningar av eige arbeid med analysane.

Og det er oppfatningar som er viktige – for Stensvand opplyser at fylkesmannen berre fører tilsyn og ikkje er godkjenningsstyresmakt. Det er nemleg kommunane sjølve som står for den formelle godkjenninga av ROS-analysar. Den jobben må dei ta på alvor, seier Stensvand.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

BEREDSKAPSSJEF: Haavard Stensvand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er framleis for mange kommunar som ikkje har ROS-analysar som oppfyller krava. Det er eit viktig mål for oss med ein kvalitet på analysane som gjer at dei følgjer lova, og det bør ikkje minst vere eit viktig mål for kommunane.

– Tala fortel ikkje alt

Stensvand seier nokre fylkesmenn kan vere strengare enn andre når dei skal tolke lova og vurdere kommunane. I tillegg gir ikkje tala heile bilete.

– Vi har ved mange høve sett at kommunane handterer kriser godt, sjølv om dei ikkje har analysar som oppfyller lovkrava, seier Stensvand.

Følling og KS peikar på det same.

– Den praktiske handteringa av kriser har blitt mykje betre dei siste åra. På mange område har det blitt betre, seier ho.

– Vi sluttar likevel ikkje å tru at kunnskap gjer kommunane betre i stand til å fatte riktige avgjerder. Så at kommunane har stått seg godt gjennom mange påkjenningar, betyr ikkje at dei ikkje kan bli betre, seier Stensvand.

Kommunar og ROS-analysar

Kommune

ROS-analyse i tråd med loven?

Askvoll

Ja

Aurland

Nei (planlagd tilsyn januar)

Balestrand

Ja

Bremanger

Ja

Eid

Nei

Fjaler

Nei

Flora

Nei

Førde

Nei

Gaular

Nei

Gloppen

Nei

Gulen

Ja

Hornindal

Nei (planlagd tilsyn november)

Hyllestad

Nei

Høyanger

Nei

Jølster

Ja

Leikanger

Nei

Luster

Ja

Lærdal

Nei (planlagd tilsyn desember)

Naustdal

Nei

Selje

Ja

Sogndal

Nei

Solund

Nei

Stryn

Nei

Vik

Nei

Vågsøy

Nei

Årdal

Nei

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.