Hopp til innhold

10 tilsette blir erstatta med fjernstyrte tårn

Tilsette i flyplasstårna i Førde og Sogndal må flytte til Bodø om dei vil halde fram i jobben etter 2020. I Førde blir avgjerda teke i mot med blanda kjensler.

Sogndal lufthamn - terminal

ARBEIDSPLASSAR FORSVINN: Fem tilsette må enten flytte med arbeidsplassen sin til Bodø eller finne seg ein ny jobb.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Først kjem det eit sjokk om at arbeidsplassen skal flyttast så langt unna fylket. Det er ferskt og nytt for alle, seier Svein Sanden ved Sogndal lufthamn.

Lufthamnsjef Svein Sanden

URO: Dei tilsette i tårnet i Sogndal er ikkje berre uroa for arbeidsplassane. Dei er også redde for at regulariteten på flya til og frå Sogndal blir dårlegare når flytårna blir automatiserte.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I dag melde Avinor at Sogndal og Førde lufthamn er med i neste pulje av flytårn som skal automatiserast. Det betyr at det ikkje blir personell i tårna på flyplassane, og flytrafikken også på lokale flyplassar blir styrt frå Bodø. Dette skal gjennomførast innan 2020. På flyplassen i Sogndal er det fem tilsett i tårnet, det same gjeld for Førde lufthamn. Dersom dei vil halde fram i jobbane sine må dei flytte til Bodø.

– Eg trur dei må tenkje seg om ganske mange gonger før dei bestemmer seg for kva dei vil gjere, seier Sanden.

Vil legge til rette for tilsette

Systemet har vore testa ut ved nokre flyplassar i Nord-Norge. Og det har vore klart at ei slik automatisering av tenestene ville kome, men å få den endelege meldinga er likevel tungt.

– Dei som er råka tek det med fatning. Det er varierande om dei vil bli med vidare. For nytilsette er det ein føresetnad at arbeidsplassen blir i Bodø, medan for dei med lenger fartstid vil det bli laga ordningar med pendling, seier Kjell Otto Gjesdal på Bringeland.

Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef - Førde lufhamn, Bringeland

UVISST: Kor mange av dei tilsette som eventuelt vil flytte med jobben til Bodø veit ikkje flyplassjef på Bringeland, Kjell Otto Gjesdal enno.

Foto: Avinor

Avinor har enno ikkje bestemt nøyaktig når Sogndal og Førde skal over på det nye systemet.

– Tårna er vurdert ut frå effekt for inntening, gjennomføring og investeringsbehov. Implementeringsrekkefølgja er ikkje avgjort endå, seier divisjonsdirektør Margrethe Snekkerbakken i ei pressemelding.

Gjesdal meiner endringane har noko føre seg, mellom anna fordi det kan styrke kvalitet og kompetanse.

– Vi ser at dette blir gjort i andre land, og utviklinga går framover, seier Gjesdal.

Avinor har også omstillingsplanar på trappene for dei som blir råka.

– Dette er ein prosess vi må arbeide med framover. Ein vil nok prøve etter beste evne å ta vare på dei som verken har høve til eller kan flytte til Bodø, seier Sanden.