Hopp til innhold

Vågsøy Ap seier nei til Kinn-omkamp

Trass i at fleirtalet i ei folkerøysting i Vågsøy seier nei til Kinn kommune, vil ikkje Vågsøy Arbeidarparti avlyse samanslåinga med Flora. Etter eit medlemsmøte tysdag kveld skriv partiet at Stortinget har vedteke Kinn, og at dei vil jobbe vidare med det. Kommunestyret på torsdag skal avgjere om dei skal be Stortinget oppheve Kinn, eller ikkje.

Tove Lill Refvik Volle og Kristin Maurstad
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK