NRK Meny
Normal

Ho vil slå saman dei grenselause kommunane – sjølv om det blei nei i folkerøysting

Kommunalminister Monica Mæland vil gjennomføre den omstridde samanslåinga av kystkommunane Flora og Vågsøy til trass for eit klart fleirtal mot under ei folkerøysting i går. Nye Kinn kommune blir den einaste i landet utan geografisk grense mellom dei gamle kommunane.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland legger fram forslag til ny kommunelov.

SEIER JA: Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland vil halde fram prosessen med samanslåing av kommunane Flora og Vågsøy.

Foto: Vidar Ruud / NPK

Ho snur ikkje det andre kinnet til i striden om Kinn, den einaste nye kommunen i Noreg som ikkje har geografisk grense med kvarandre. I går gjekk innbyggjarane i Vågsøy til røysteurnene etter ein lang og konfliktfylt debatt. 60,8 prosent sa nei til Kinn, 36,8 prosent sa ja til samanslåing.

– Stortinget har vedtatt at Flora og Vågsøy skal slåast saman til nye Kinn kommune. Regjeringa held seg til Stortinget si avgjerd, det må også Flora og Vågsøy gjere, seier Mæland til NRK.

Laster kart, vennligst vent...

UTAN GRENSE: Kinn kommune blir den einaste nye kommunen i Noreg utan geografisk grense mellom dei to gamle kommunane. Midt imellom ligg nemleg Bremanger kommune.

Krev at Mæland lyttar

Ho møter sterk motbør frå Liv Signe Navarsete i Senterpartiet. Ho meiner at både det lokale kommunestyret og regjeringa no må lytte til fleirtalet av innbyggjarane som ikkje vil at Vågsøy skal bli ein del av Kinn.

– Eg meiner at dei no bør tenke seg om. Dei bør få ein skikkeleg prosess på saka, den har vore dårleg handtert. No må dei respektere innbyggjarane sitt syn og vurdere om dei rett og slett skal avlyse heile samanslåinga, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete på Torp

SEIER NEI: Tidlegare kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) meiner at regjeringa og Stortinget no må lytte til folket i Vågsøy.

Foto: Skjermdump / NRK

– Pussig konstruksjon

Den tidlegare Sp-leiaren meiner at Kinn, saman med den nye regionen Viken på Austlandet, er det verste utslaget av regjeringa si kommunereform.

– Eg høyrer frå folk både i eige parti og andre parti og folk utanfor det politiske miljøet at ein ser på Kinn kommune som ein veldig pussig konstruksjon. Ein kommune som ikkje heng saman, er veldig spesielt, for å seie det mildt.

Monica Mæland meiner derimot no at Flora og Vågsøy må sjå framover og byggje ein ny kommune til det beste for innbyggjarane.

Skal opp i kommunestyret

Etter folkerøystinga måndag, er det no kommunestyret i Vågsøy som får saka på bordet – alt komande torsdag. Der blir Høgre-gruppa sine røyster avgjerande for om dei no vil krevje ei omgjering av Stortinget sitt vedtak. Dei har gruppemøte onsdag og før den tid vil dei ikkje røpe for mykje.

– Eg er overraska over at ikkje nei-fleirtalet blei større ut frå mobiliseringa på førehand, seier kommunestyrerepresentant Kjell Gunnar Tennebø (H). Sjølv tvilte han seg fram til eit ja til kommunesamanslåing under folkerøysting.

Vegopning på Bergum i Førde kommune