Han dreg denne konklusjonen etter å ha høyrt konsernsjef Eivind Reiten orientere om framtidsplanane til Hydro.
I dag arbeider om lag 130 i Høyanger og 200 i Årdal i dei gamle Søderberg-hallane. Statens Forureiningstilsyn har sett stoppar for desse gamle og forureinande omnane ved utgangen av 2006. Med modernisering kan Hydro produsere meir aluminium med langt færre tilsette og mindre utslepp. Men etter det konsernsjef Reiten no har sagt, blir det ikkje noko av desse planane i det heile, seier Billy Fredagsvik til Firda. Og dermed er det stor fare for at også den meir moderne produksjonen i Årdal og Høyanger blir lagd ned om ikkje så mange år, seier han.
Informasjonssjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium avviser at Hydro har skrinlagt moderniseringa i Årdal og Høyanger for godt. Dette må vere Billy Fredagsvik si tolking av det vi har sagt, og det vi har sagt er at det for tida ikkje er lønsamt å investere i ny teknologi til erstatning av Søderberghallane i Årdal og Høyanger, seier Knutzen.
-No er det på tide at politikarane gjer noko med rammevilkåra dersom det skal bli att noko industri her i landet, seier Billy Fredagsvik. -Vi må bli kvitt det særnorske avgiftssystemet, seier han.
-Vi må ikkje gi opp kampen om å få Hydro til å modernisere i Høyanger og Årdal. Det er den klare meldinga frå Stortingspolitikar Reidar Sandal frå Arbeidarpartiet. Fagforeiningane har tolka det slik at Hydro no har lagt investeringsplanane på is, men Sandal meiner ikkje politikarane har skulda for at Hydro ikkje vil investere.