Anleggsleiar Harald Ynnesdal var klar over rasproblema då vegen vart bygd. - Det er ikkje noko nytt i dette som vi ikkje visste den goen på 70-talet. Vi fekk klare meldingar frå lokalkjende og rasekspertar om at det ville kome ras på vegne i Grasdalen slik vegen vart bygd. Sjølv ville Ynnesdal ha forlenga Grasdalstunnelen, men Statens Vegvesen valde å ikkje høyre på desse råda.
Riksveg 15 over Strynefjellet har vore mykje stengd i vinter. Årsaka er rasfare, nettopp ved utgangen av Grasdalstunnelen. Næringslivsfolk i Nordfjord har no starta ei pengeinnsamling til rassikring, og det blir arbeidd for å få ordinære vegmidlar til ei rassikring som kostar mellom 40 og 50 millionar kroner.