- Dette illustrerer at kysten i Sogn og Fjordane er sårbar, og der det er aktivitet, skjer det dessverre ulukker av og til. Difor er det påkravd at redningshelikopterbasen i Florø kjem på plass utan unødige forseinkingar, seier Myklebust.
Branndramaet utanfor Kråkenes vart fanga opp av fotograf Thomas Bickhardt.
Krefter vil ha utsett Florø-basen
Den siste tida er det reist tvil om viljen til oppretting av ein redningshelikopterbase i Florø i 2007, slik Stortinget tidlegare har vedteke. Mellom anna er det krefter i Nord-Norge som vil ha utsett basen i Florø, og set døgnberedskap for redningshelikopter i nord opp mot basen i Florø.
Tidsfaktoren heilt vesentleg
Dramaet utanfor Kråkenes fyr enda godt, men Myklebust meiner det var ei påminning om kor viktig det er å ha eit rednigshelikopter stasjonert i Florø. - Tidsfaktoren er heilt vesentleg, det kan stå om minutt, ja kanskje sekund. Slik det er i dag er dei helikoptera som er utstyrde med heis plassert på Sola og Ørlandet. Det betyr ein til to timar i flytid, og det vil i mange tilfelle vere for seint, seier leiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Det gjekk 40 minutt frå brannen i sjarken ved Kråkenes vart meld og til 73-åringen vart berga. Då låg han i sjøen og klamra seg fast til hekken på båten.