Hopp til innhold

- Vi trudde vi skulle døy

- Det var rein flaks at ikkje elva tok med seg fleire av oss, seier kollegaene til mannen som måndag blei teken av store snø- og ismengder i Gjesdalselva i Jølster.

Video - Vi trudde vi skulle døy

SJÅ TV-SAKA: Dei frykta for liva sine og måtte flykte frå naturkreftene.

Dei dreiv og arbeidde med forskalinga til ein demning då ein ispropp losna lenger oppe i elva på Vassenden. Den kom i stor fart mot karane ved elvebreidda.

Dei trudde at deira siste time var komen då ein to meter høg vegg av is og snø kom dundrande mot dei.

Tre av dei blei sopte på elva då naturkreftene slo seg lause.

– Vi var heldige

Kåre Olav Gjesdal vart skylt hundrevis av meter nedover elva, medan to andre klarte å komme seg opp på land etter å ha klamre seg fast til armeringsjarn.

– I verste fall kunne fem-seks av oss mista livet, men vi var heldige alle saman, seier Espen Kvamme.

Han seier at elva var 30 meter brei og veggen av snø og is to-tre meter høg.

– Det første eg tenkte, var at eg kom til å døy, fortel han.

Såg ein sko stikke opp

Etter ein halvtime fann dei Gjesdal. Dei såg ein sko stikke opp av snøen og byrje å grave etter han.

Kåre Olav Gjesdal ligg på Førde sentralsjukehus, sterkt forslått med brotne ribbein og ei punktert lunge.

Full alarm

Det vart slått full alarm etter meldinga om at han hadde hamna i Gjesdalselva på Vassenden i Jølster like før klokka 09 måndag morgon.

– På grunn av stor nedbørsmengde har det bygd seg opp mykje is og vatn i elva. Dette forårsaka eit dambrot av is og vatn, som kom nedover. Denne mannen kom seg ikkje unna, opplyste operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politi, brannvesen og ambulanse og luftambulanse vart sendt ut. I tillegg vart Røde Kors varsla. Mannen vart ført fleire hundre meter nedover Gjesdalselva, men vart berga fra elva og sendt til sjukehus.

Rasfare på Vestlandet

På heile Vestlandet var det i helga store problem med stengde vegar på grunn av ras og rasfare.

Berre i Sogn og Fjordane var over 20 vegar stengt måndag morgon.

Video Overlevde marerittet

OVERLEVDE MARERITTET: Kåre Olav Gjesdal er glad han er i live.