Hopp til innhold

Mann sopt på elv i Jølster

Ein 49 år gamal mann vart alvorleg skadd etter at han vart sopt på elva av store ismassar i Gjesdalselva på Vassenden i Jølster.

Video Mann tatt av isblokker

SJÅ TV-SAKA: Den 49 år gamle mannen hamna i Gjesdalselva under arbeid.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det vart slått full alarm etter melding om at ein mann hadde hamna i Gjesdalselva på Vassenden i Jølster like før klokka 09 måndag morgon.

I området blir det utført arbeid med eit kraftverk. Mannen sat ved elvekanten og arbeidde med armeringsjarn då store snømengder og is skylte mannen på elva.

- På grunn av stor nedbørsmengde har det bygd seg opp mykje is og vatn i elva. Dette forårsaka eit dambrot av is og vatn, som kom nedover. Denne mannen kom seg ikkje unna, opplyser operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mann ramla i Gjesdalselva i Jølster

HER SAT MANNEN: Mannen arbeidde på eit berg ute i elva då store mengder is og snø reiv han med seg nedover elvefaret. Han vart funnen att fleire hundre meter lenger nede.

Foto: Simon Solheim / NRK

Fleire hundre meter

Politi, brannvesen og ambulanse og luftambulanse vart sendt ut. I tillegg vart Røde Kors varsla. Mannen vart ført fleire hundre meter nedover Gjesdalselva.

- Han var dratt med drygt 200 meter, og mellom 50 og 60 høgdemeter, seier politiførstebetjent og skadestadsleiar Agnar Bøyum.

Mannen vart funnen att lenger nede i elva av arbeidskollegar. Der vart han lokalisert delvis begravd i is og vatn, like nedanfor ein foss.

- Dei som arbeidde saman med mannen sprang nedover langs elva der dei fann han, seier Bøyum.

Det er uklart kor lenge han har lege i det iskalde vatnet.

- Han vart berga frå elva og er no frakta til sjukehus, seier Harlem. Mannen var i live då han kom til sjukehuset, opplyser Harlem.

AMK opplyser i 21-tida måndag kveld at skadene til mannen no vert rekna som moderate. Han ligg på intensiv avdeling og tilstanden er stabil.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mann ramla i Gjesdalselva

PÅ STADEN: Ambulanse, politi, brannvesen og luftambulanse vart sendt ut til Gjesdalselva i Jølster.

Foto: Simon Solheim / NRK

Frykta det verste

Det er entrepenør Åsen & Øvrelid som arbeider med kraftverket.

- Då eg fekk meldinga og reiste frå Førde frykta eg at eg hadde mista ein medarbeidar. Eg er berre sjeleglad han var i live då han vart frakta til sjukehus, seier dagleg leiar Leif Arne Åsen.

Problem på Vestlandet

På heile Vestlandet har det i helga vore store problem med stengde vegar på grunn av ras og rasfare.

Berre i Sogn og Fjordane var over 20 vegar stengt måndag morgon.

I Rogaland fryktar politiet at ein brøytebilsjåfør er tatt av eit ras.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.