Hopp til innhold

Kåre Olav (49) takkar for livet

Kåre Olav Gjesdal (49) trudde hans siste time var komen då ein to meter høg vegg av is og snø kom dundrande mot han i Gjesdalselva.

Video Overlevde marerittet

SJÅ TV-SAKA: Kåre Olav Gjesdal er glad han er i live.

Dei var fleire kollegaer som arbeidde ved elva då veldige massar dundra forbi.

Medan ein kollega klamra seg fast til armeringsjarn for å unngå den frådande elva, vart Kåre Olav Gjesdal kasta fleire hundre meter nedover den steinete elva og utfor ein foss. Saman med is, snø og vatn.

- Eg har hatt utruleg flaks for at eg ikkje ligg ein annan stad. Normalt skal ein døy på ein slik tur som dette. Det er det ikkje tvil om, seier Gjesdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kåre Olav Gjesdal

EVIG TAKKSAM: - Eg skal takke kollegaene mine for livet, seier Kåre Olav Gjesdal. Måndag vart han sopt på Gjesdalselva og ført fleire hundre meter nedover og utfor ein foss.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Skjønte kva som skjedde

NRK møter 49-åringen på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Det er vel eitt døgn sidan dei dramatiske minutta på Vassenden i Jølster. Han er sterkt forslått, har to brotne ribbein og ei punktert lunge. Ein billig pris å betale for å vere i live etter ei slik ulukke.

Firebornsfaren arbeidde med forskalinga til ein demning då isproppen losna lenger oppe i elva. I stor fart kom den mot Gjesdal og kollegaene hans.

- Eg såg i sideblikket mitt at noko kom mot meg og vi skjønte med det same kva som skjedde. Ganske med det same var det vatn og sørpe oppetter meg, fortel Gjesdal.

Venta på nådestøytet

Han prøvde forgjeves å klatre over forskalinga for å komme seg i ly bak ein mur i nærleiken.

Halvveges oppe i forskalinga feia naturkreftene han med seg nedover elva.

- Eg for nedover i eit virvar av snø, is og alt mogleg. Eg såg ingenting og visste ikkje kva som var opp og ned. Området er eg godt kjend i og visste at det ikkje gjekk an å overleve. Så eg venta på nådestøytet, fortel han.

Hugsar alt

- Eg tenkte på tre ting: kona mi og ungane, gravferda og når kjem nådestøytet. Når treff eg noko som slår meg ut, fortel han. Sjølv om kampen mot naturkreftene såg håplaus ut, ville han ikkje gje opp kampen.

Saman med sørpe, is og snø gjekk 49-åringen kast i kast gjennom den strie straumen og mellom steinane. Han hugsar alt.

- Ungane har eg lova at eg skal bli hundre år, og tenkte at «eg skal svarten ikkje gje meg halvveges», legg han til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fossen i Gjesdalselva

FOSS: Naturkreftene førde Kåre Olav Gjesdal utfor denne fossen på kring 15 meter. Så enda den ville ferda.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Stogga med eit smell

Det første han såg då han omsider kom seg over massane, var ei bjørk. Med eit under klarde han å vri seg unna den også. Den ville ferda enda på land under ein foss på kring 15 meter - og under ein 70 centimeter djup haug med snø og is.

- Med eit smell stogga det. Eg kjende vatn sildre over hovudet mitt og var sikker på at eg ville drukne. Så snudde eg meg inn i ein luftlomme og fekk puste godt, skildrar Gjesdal.

Var plutseleg vekke

49-åringen prøvde forgjeves å komme seg fri frå massane. Det var ikkje sjanse. Han håpa å bli funnen av kollegaer.

- Eg fekk luft der, men kjende ikkje smerte eller noko. Plutseleg så var eg vekke. Det var akkurat som om nokon slo av ein brytar. Det neste eg hugsar var at eg låg i sjukehussenga, fortel han.

Frykta det verste

Kollegaene Espen Kvamme, Stein Inge Holstad og Roger Hauge, som kom seg på trygg grunn, frykta det verste då dei telte opp og merka at ein mann mangla.

- Vi byrja å leite og fekk raskt ringt etter hjelp, men frykta at vi leitte etter ein daud person. Det var heilt forferdeleg, seier dei og fortel at dei søkte langs elva etter den sakna Gjesdal. Dei fann han etter ein halvtime.

- Evig takksam

Kort frå familien

BLI BETRE: Born og onkelungar ynskjer å sjå 49-åringen bli betre - raskt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjølv hugsar ikkje Gjesdal noko frå redningsaksjonen. Men med ein kroppstemperatur på 29 grader, andre grad av hypotermi, vart han send til sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse.

- Eg hadde ikkje kunne vore der mange minutt til. Det er små marginar på at det går eller ikkje, fortel han frå sjukehussenga.

- Lukka var at eine skoen min stakk opp av snøen. Difor såg dei meg. Dei gjorde ein kjempeinnsats. Eg er evig takksam, legg han til.

- Det er berre flaks

Seint måndag kveld vakna Gjesdal frå koma og kunne gjenforeinast med familien.

- Ingen av oss trudde nok at det ville skje, vedgår han. Sjølv om han er godt trent og i god fysisk form, er han ikkje i tvil om kvifor det gjekk bra.

- Det er flaks. 99 prosent av grunnen er flaks. Det betyr kanskje ein liten promille at du er i god fysisk form, seier han.

Gjesdal meiner dei gjorde grundige vurderinga før dei tok til på arbeidet i elva. Arbeidstilsynet er kopla inn i saka. Han fortel han ikkje er redd for å utføre liknande arbeid igjen.

- Nei. Eg kan ikkje seie anna enn det eg kjenner. Eg har ikkje fått noko men eller angst for dette. Så det blir berre å halde fram som før.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.