Assisterande generalsekretær i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Jarl Ovesen, seier dette er eit stort problem også elles i landet.
Urimeleg
- Dette er kynisk og høgst urimeleg. Kommunar som gjer dette utnytter ei gråsone som går ut over familiar som har ein tøff situasjon frå før, seier Ovesen.
I dag tidleg høyrde vi at seks foreldrepar har klaga Vågsøy kommune inn til Fylkesmannen av for å spare pengar på fysisk og psykisk funksjonshemma.
(Sjå Sparer pengar på funksjonshemma born )
Barnehagelova i staden for opplæringslova
Ved å nytte barnehagelova i staden for opplæringslova, gjer kommunen blant anna barnehageplass om til eit betalingstilbod, i staden for eit gratistilbod som desse borna eigentleg har rett på. Dette vil sei at kommunen i realiteten sender ei regning som dei har økonomisk ansvar for, til foreldra.
Jarl Ovesen, seier dette er eit stort problem i mange kommunar. Han meiner dette i større grad handlar om manglande vilje enn økonomisk evne frå kommunane si side.
Vil trekke klarare liner
Og kva som faktisk er riktig eller galt er ikkje lett å seie, for det er tilsynelatande ikkje samsvar mellom regelverka. Både barnehagelova og opplæringslova kan nyttast til å bestemme tilbod for funksjonshemma under skulealder, men der er ulike pengepottar og betalingsordningar for desse.
Det er gråsoner i regelverka som gjer at kommunar kan fråskrive seg økonomisk ansvar, og barne og familiedepartementet seier dei no jobbar med å trekkje klarare liner. Politisk rådgjevar i Astrid Apalseth Vasseth seier spørsmålet no er under handsaming ved departementet, då gråsona fører til store tolkingsproblem.