Hopp til innhold

- Tangedal-effekten har vore avgjerande

GAULAR (NRK): Etter nedrykket til 6. divisjon i 2013, har Gaular no rykka opp to år på rad. Forskjellen? Kim Tangedal er med som spelande trenar.

Kim Tangedal

GOD REKRUTTERING: Kim Tangedal seier det gror godt i Gaular, som har fleire gode spelarar på laga på smågut og gute-nivå.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi har heilt klart hatt ein «Kim Tangedal-effekt». At han har spelt i Eliteserien og har mykje erfaring har gitt alle i klubben ekstra energi, seier Håvard Senneset.

Saman med Kim Tangedal, Kjetil Nistad, Geir Haakon Rygg og Per Anders Berge dannar han trenarteamet til Gaular. I 2013 hamna laget sist i 5. divisjon og rykka ned. Før 2014 sesongen vart Tangedal med som spelande trenar. No er dei klare for 4. divisjon i 2016 etter to strake opprykk.

Betre struktur

Tangedal har spelt på toppnivå i mange år og spelte for Sogndal i 2003–2005, der han blant anna noterte seg for scoring mot Rosenborg på Fosshaugane.

– Eg klarte ikkje å halde meg vekke frå fotballen. Sjølv om eg trappa ned var det umogeleg å slutte, seier Tangedal.

Då han flytta til Gaular vart det naturleg å involvere seg i fotballaget. Det har betydd mykje for at klubben.

– For oss som har vore med ei stund har det vore viktig å få inn Kim, seier Geir Haakon Rygg.

Trenarteamet Gaular

STORT TRENARTEAM: Desse fem har vore med på to strake opprykk med Gaular. f.v. Kjetil Nistad, Håvard Senneset, Kim Tangedal, Geir Haakon Rygg, Per Anders Berge.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Tidkrevjande

Då NRK trefte trenarteamet i klubbhuset til Gaular IL var spelarane sett til å diskutera sine forventningar for neste sesong og vidare. For trenarteamet vil tenke langsiktig.

– Det er ingen vits i å gi gass nokre få år, for å så la det dabbe av. Vi må legga ein langsiktig plan og skapa treningskultur i heile klubben.

– Eg bruker meir tid på fotballen no som trenar, enn det eg gjorde som spelar, seier Tangedal og ler.

I årevis har Gaular slite med å behalde dei beste spelarane. Mange har tatt vegen til Førde for å prøva lykka på Førde 2.

– Det gror godt på aldersbestemte nivå her. At Kim er med, i tillegg til at vi no skal spela i same divisjon som Førde 2 vil forhåpentlegvis gjere det enklare å halde på spelarane, seier Håvard Senneset som har vore aktiv i klubben sidan slutten av 90-talet.

Opptur med toppspelarar

Gaular fekk ein opptur etter at Tangedal som har spelt på høgare nivå kom inn på trenarsida.

Det same har skjedd fleire plassar. Bønes IL frå Hordaland har rykka opp to år på rad og er klare for 4. divisjon med tidlegare Englands-proff Claus Lundekvam som trenar.

Jerv speler søndag kvalifisering om opprykk til Eliteserien, sesongen etter opprykket til førstedivisjon. Trenaren er tidlegare Borussia Dortmund-proff Steinar Pedersen.

– Det er ekstra motiverande for dei yngre i spelargruppa med ein trenar som har nådd eliteserienivå. Då forstår ein at det er mogeleg, seier gjengen i trenarteamet.