Hopp til innhold

Så scora han med hovudet igjen

Sist Kim Tangedal scora mål med pannebrasken var for Sogndal mot Rosenborg i 2003. Først sju år seinare skulle det skje igjen...

Kim Tangedal (t.v.) og Thor-Jørgen Spurkeland

SPESIELL MARKERING: Kim Tangedal har ikkje scora med hovudet sidan storkampen mot Rosenborg for Sogndal i 2003. Her feirar han målet mot Notodden saman med Thor-Jørgen Spurkeland.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Eg må vel satse på fleire i år, humrar Kim Tangedal.

Saman med Førde nedkjempa han Notodden i 2-0-sigeren på heimebane laurdag ettermiddag.

Peika mot hovudet

Og Tangedal skulle komme til å spele ein sentral rolle i Førdes første heimekamp i 2. divisjon på åtte år. For på best tenkjelege tidspunkt i kampen gav han Førde 2-0 rett etter pause, og gav med det arbeidsro for heimelaget:

På ein corner frå Tor Are Dvergsdal stupte viksdølen fram og skalla ballen i nettet.

I jubelrusen etterpå signaliserte han til publikum med å peike triumferande mot hovudet....

- Sist eg scora på hovudet var eg 19 år. Det var i 2003, forklarer Tangedal.

- Ekstra kjekt når det skjer

Målet han siktar til gløymer ikkje fotballinteresserte i Sogn og Fjordane med det aller første:

31. august i 2003 scora nemleg Tangedal med hovudet for Sogndal mot Rosenborg, og sytte for at sogningane klarte 1-1 mot trønderane i eliteserien - og det er framleis eit sportsleg høgdepunkt på Fosshaugane.

- Det er ikkje ofte eg scorar med hovudet, så då er det ekstra kjekt når det først skjer, seier Tangedal.

Også Ystaas spelte mot RBK

Kim Tangedal spelte for Sogndal frå 2002 til 2005, og fekk med seg 20 kampar i eliteserien, samt fem kampar i 1. divisjon før han gjekk til Jotun, og seinare spelte han for Mandalskameratene i tre sesongar.

Til Førde kom han framfor 2009-sesongen.

PS: Ein annan tidlegare Sogndal-spelar kom på bana som innbytar for Førde-motstandar Notodden laurdag ettermiddag: Kristian Ystaas spelte også den omtalte kampen mot Rosenborg i 2003...