Eit arbeidsutval i Helse Førde la måndag fram ein innsparingsplan som kan gå hardt ut over sjukehusdrifta i Florø. Utvalet føreslår å skyve den planlagde starten av nærsjukehuset 1. september ut i tid. Dersom styret i helseføretaket vel å følgje det mest dramatiske kuttforslaget, får dette alvorlege følgjer, seier administrasjonssjef Harald Lindvik.
Sjukehusavdelinga i Florø. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Vil at statsråden grip inn
I februar i år godkjende helsedepartementet planane for eit nærsjukehus i Florø, og for helseminister Dagfinn Høybråten er eit nærsjukehus i Florø ein prøvestein. Han ser nemleg føre seg nærsjukehusmodellar andre stader i landet. Bakgrunnen er eit ønskje om tettare samarbeid mellom kommunehelsetenesta og sjukehusa. Harald Lindvik håpar no at statsråden skal gripe inn.
Vedtaket står fast
Helseministeren har denne korte kommentaren: - Vedtaket om etablering av nærsjukehus i Florø står fast og er ikkje aktuelt å endre.
Informasjonsdirektør i Helse Vest, Bjørg Sandal, stadfestar dette.