Louis Anda. Arkivfoto NRK
Sjølv har han hatt ein klient som måtte vente i eit halvt år frå rettssaka var slutt til dommen kom. Anda presiserer at han ikkje kritiserer verken dommarar eller andre tilsette ved Fjordane Tingrett. Men han meiner samanslåinga har gjort arbeidsbøra for stor.
- Ikkje betryggande
- Når det går så lang tid frå rettsforhandlingane til dommen kjem, er det ikkje særleg betryggande for rettstryggleiken. Det seier seg sjølv at di ferskare inntrykk dommaren har frå vitneutsegn og forklaringar, di betre kan han gje uttrykk for det som skjedde i rettssalen, seier Anda.
Bjarte Eikeset. Arkivfoto NRK
- Ikkje noko generelt problem
For sakene hopar seg i Fjordane Tingrett. For få månader sidan vart domstolane i Sunnfjord, Nordfjord og deler av Ytre Sogn slegne i hop til Fjordane Tingrett i Førde. Etter samanslåinga har dette området fått eitt og eit halvt dommarårsverk mindre, uten at sakstilfanget har minka. Sorenskrivar i Fjordane Tingrett, Bjarte Eikeset, meiner likevel ikkje at det er eit problem. - Det er ikkje haldepunkt for at sakshandsamingstida generelt er for lang, seier han.
Ber om forsterking
Eikeset peikar på at situasjonen heng i hop med igangsettinga av den nye tingretten. No blir det arbeidd med å hente inn ekstra dommarar som kan hjelpe til med å få sakene unna. - Så seint som i går hadde eg ein prat med domsadministrasjonen om dette, men det er vanskeleg å seie når vi eventuelt kan ha ei forsterking på plass, seier sorenskrivar Bjarte Eikeset.