Bergheim er for bruk av hjelm, men ho meiner det er feil å tvinge folk til å bruke verneutstyr i skibakken. Ho fryktar dessutan at hjelmpåbodet i Blomlia gjer at folk held seg heime, eller at dei heller reiser til konkurrerande skisenter.
Må komme villmannskøyringa til livs
Ho meiner ein heller burde komme villmannskøyringa til livs, samstundes som ein merkar skibakkane betre. Bergheim ynskjer at så mange som mogleg skal spenne på seg ski eller brett og kose seg i skibakkane. Då er det viktig at anlegga er trygge. Difor vil ho heller ha betre merking på skisentra enn hjelmpåbod.