Politisk rådgjevar for miljøvernministeren, Åshild Mathisen, seier vedtaket slett ikkje er med på å mjuke opp den strenge lovgjevinga om bygging i strandsona.
- Vi har gjort ei heilt konkret vurdering i ei konkret sak. Det betyr at vi ikkje har forplikta oss til å seie ja til andre flytande hytter, men vi har heller ikkje forplikta oss til å seie nei, seier ho.
Trudde det var prinsippvedtak
Foto: Eva Westvik, NRK
Men då fyrstekandidat for Krf, Per Steinar Osmundnes, slapp nyheita onsdag, kalla han avgjerda for eit prinsippvedtak. Det avviser Åshild Mathisen i Bergens Tidende i dag. Det same gjorde tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim, etter at han hadde lese vedtaket. Osmundnes seier han gjekk ut ifrå at det var eit prinsippvedtak, sidan det var det Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hadde bede om. Han held fast på at det er heilt opplagt at det no vil bli fleire flytande hytter.
- Svært strenge
Men Mathisen seier dei kjem til å vere strenge om dei får fleire søknader om flytande hytter.
- Vi kjem til å sjå på kvart enkelt tilfelle. Er dette eit fenomen som breier om seg, vil vi vurdere å vere svært restriktive, seier ho.