I føresetnadene for eit nærsjukehus ligg det at kommunane Flora og Bremanger skal bidra med 4,5 millionar kroner av finansieringa. Bremanger har avtalefesta at dei skal inn med 1,2 millionar kroner av denne summen, og fekk av Helse Vest frist til den 15. juni på å løyve desse pengane. Men tysdag sa kommunestyret i Bremanger nei til å bidra økonomisk. Dette kan skape vanskar for pilotprosjektet i Florø. Heile avtalen baserer seg på at det er ulike partar som skal bidra økonomisk, seier Sandal.
Ministeren må ta avgjerda
Ordførarane i Flora og Bremanger forhandlar no om fordelinga av den økonomiske byrda. Om dei ikkje kjem fram til ei løysing i løpet av få dagar, kan saka igjen hamne på helseministeren sitt bord. - Nærsjukehuset vart vedteke av helseministeren, og dersom det skal gjerast nokon endringar på det vedtaket, er det helseministeren som må gjere det, seier Sandal.