- I Lærdal pleier vi å ha fem studentar på kirurgisk avdeling i kvar praksisperiode som er på ti veker. Dei ringde no frå Lærdal og sa at dei kunne berre ta imot tre frå januar, så det er nesten ei halvering. Og det er klart at om det held fram slik ved andre avdelingar, så kan vi ikkje gje eit godt nok tilbod til våre studentar, seier Naustdal.
Store innsparingar
Studieleiaren fryktar no at regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett går gjennom. Det vil føre til innsparingar på 15-20 millionar kroner i Helse Førde. Dette kjem på toppen av innsparingane som er kjende frå før. Studieleiaren meiner altså at dette ikkje berre råkar helsetilsette og pasientar.
- Slik framtida ser ut no, blir det bli ei rasering av helsetilbodet i Sogn og Fjordane om statsbudsjettet går gjennom i Stortinget. Det vil bety nedlegging av sengepostar, og då vil dei ikkje kunne ta imot dei studentane vi har teke opp.
- Ikkje plass i Bergen
Framlegg om å skaffe studentane praksisplass i Bergen har ho ingen tru på.
- I Bergen er det alt tre høgskular som kjempar om praksisplassane, og Helse Bergen skal spare like mykje pengar som oss. Det er utopi å tru at vi skal få våre studentar inn på sjukehusa til Helse Bergen.
Lokasjukehusa avgjerande
Anne-Grethe Naustdal meiner at om skulen skal kunne ha eit fullgodt studietilbod må ein la vere å kutte også ved lokalsjukehusa. Ho trur færre vil vere interesserte i og ha høve til å utdanne seg til sjukepleiar om praksisplassane her forsvinn.
- Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus er viktige praksisplassar for oss, og særleg for dei som går desentralisert utdanning. Det at dei kan få praksis i regionen dei kjem frå er avgjerande for om dei skal kunne ta utdanning, seier studieleiaren.