Fylket har mål om 100 ny arbeidsplassar i året - han meiner målet burde vore minst det doble

Fylkeskommunen har ikkje store nok ambisjonar for sysselsetting og nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Det meiner kommunalsjef Trond Ueland i Førde.

Trond Ueland

OPP: Trond Ueland i Førde kommune meiner fylkeskommunen må heve ambisjonsnivået i verdiskapingsplanen sin.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune har laga ein såkalla verdiskapingsplan, ein plan lagt for å auke folketalet, få fleire arbeidsplassar og leggje til rette for bustadbygging i fylket.

I planen har ein sett seg mål om 100 nye arbeidsplassar i fylket kvart år fram mot 2025.

Ueland meiner det ambisjonsnivået er alt for lågt, og viser til at ein berre i Sunnfjord allereie har fått dobbelt så mange arbeidsplassar årleg dei siste åra.

– Ut ifrå det biletet synest vi kanskje at fylkeskommunen sin plan er litt stussleg, seier Ueland til NRK.no.

– Dobbelt så stor auke som ambisjonen

Politikarane i Sogn og Fjordane meiner folketalsutviklinga er den største utfordringa for fylket. I verdiskapingsplanen som no er ute på høyring er difor attraktive arbeidsplassar trekt fram som noko av det viktigaste for å få fleire til å ville leve livet sitt i fjordfylket.

I perioden 2014 til 2025 har kommunen sett 100 nye arbeidsplassar som mål kvart år. Det er altfor beskjedent, meiner Trond Ueland i Førde kommune.

Han viser til tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at ein berre i Sunnfjord har fått vel 200 nye arbeidsplassar årleg dei siste ti åra.

– Vi har hatt ein auke som er nesten dobbelt så stor som ambisjonen til fylkeskommunen. Om vi skulle lage ein ambisjon, så hadde talet blitt på mellom 200 og 250 nye arbeidsplassar årleg for vår region, seier Ueland.

– Viktig å ha mål å strekkje seg etter

I Førde kommune si høyringsfråsegn til verdiskapingsplanen er kommunen heilt klar på at ambisjonsnivået må opp.

Ambisjonen om å skape 100 nye arbeidsplassar årleg er nok kanskje realistisk, men syner ikkje særleg ambisjonar. Ser vi på nye arbeidsplassar i SiS dei siste ti år åra (til og med 2012), viser det i følgje Statistisk sentralbyrå ca 200 nye arbeidsplassar årleg. Ambisjonen i SiS området bør då vere nærare 250 - 300 årleg dei neste ti åra. Det bør samstundes tilseie at ein i Sogn og Fjordane også bør ha ein noko høgare ambisjonen en verdiskapingsplanen i dag syner.

(SiS står for Samarbeidsforum i Sunnfjord, og er eit politisk samarbeidsråd mellom kommunane Flora, Naustdal, Gaular, Førde og Jølster).

– Det er viktig for oss å ha eit mål å strekkje seg etter, understrekar Ueland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

VIL LYTTE: Jan Heggheim er ansvarleg for prosjektet med verdiskapingsplanen. Han seier dei vil lytte til innspela frå kommunen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil lytte til innspel

Verdiskapingsplanen skal bestemme korleis fylket skal satse på næring og verdiskaping fram mot 2025.

Jan Heggheim er fylkesdirektør for næring og står som ansvarleg for prosjektet. Han meiner 100 nye arbeidsplassar årleg er eit realistisk mål.

– Talet 100 er noko vi har sett oss ut frå prognosar for å nå eit mål. Det kan godt hende at det ikkje er ambisiøst nok, vedgår han.

– Om det finst gode argument for å endre det, så gjer vi det når vi summerer opp. Men det kjem mange innspel no, så vi må vente til vi får oversikt, seier han.

I dag er det eit felles møte for kommunane i Sunnfjord, der Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med planutvala skal diskutere verdiskapingsplanen. Dei vil også gje eit samla høyringsinnspel på planen til fylkeskommunen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.