Hopp til innhold

Rapportar: «Småkongar» til hinder for vekst

Fleire i næringslivet peikar på det same, småkongar som hindrar framveksten av nye bedrifter. – Inviter i staden ein konkurrent på middag, oppmodar ung gründer.

Kjetil Kvåle

FOLK TREKKJER TIL SEG NYE FOLK: For å skapa nye verksemder i Sogn og Fjordane er det avgjerande å stimulera til klynger og meir samarbeid mellom konkurrerande bedrifter i same bransje, seier dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, på Fosshaugane Campus.

Foto: Kjetil Kvåle / NRK

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som er dårlegast når det kjem til oppstart av nye verksemder.

Fleire næringslivsaktørar meiner forklaringa er at bedriftene i fylket er for lite flinke til å samarbeide med konkurrerande verksemder i same bransje.

I databedrifta Rocketfarm i Sogndal har dei tenkt annleis. Her er til og med kontorlokala bygd opp på ein måte som skal invitere til diskusjon.

– Det å kommunisere er ofte grunnlaget for innovasjon, og det er grunnen til at vi sit i eit ope kontorlandskap.

– Ein må oppmode kvarandre til å gå bort til kvarandre og snakke saman. Det er slik idear oppstår og det er starten på den innovative prosessen, seier gründer og dagleg leiar Halvor Gregusson.

Snakkar for lite saman

Men det er nettopp dette mange verksemder i Sogn og Fjordane ikkje er flinke til. Å snakke med andre bedrifter i same bransje. Mange bedriftseigarar blir sitjande på kvar sin stubbe og skule bort på konkurrenten.

Dårleg samarbeid blir i ei evaluering av Innovasjon Norge og ein rapport frå Telemarksforsking trekt fram som ei forklaring på kvifor Sogn og Fjordane er det fylket i landet som er dårlegast på å skape nye verksemder.

Men på Fosshaugane Campus i Sogndal er haldninga ei litt anna, fortel dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle.

– Med ei samlokalisering får du ei slags kunnskapsdeling. Vi har sett at ein treng ikkje drive med det same, men poenget er at ein har samla mange folk som tenkjer, og saman kan det bli nye idear og kjennskap som igjen trekkjer til seg fleire folk. På den måten veks klynga og blir sterkare og sterkare, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Dagleg leiar i Rocketfarm i Sogndal, Halvor Gregusson

Å kommunisera er grunnlaget for innovasjon. Difor sit me i ope kontorlandskap, slik at medarbeidarane lettare kan snakka saman. Det er der ideane oppstår, seier dagleg leiar i Rocketfarm i Sogndal, Halvor Gregusson.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ser fordelar med å jobbe i klynge

Jobben til Kjetil Kvåle er å hjelpe gründerar med å lukkast. På kontoret og Fosshaugane Campus viser han fram ein plansje som talar for seg sjølv.

– Denne er ganske fin, seier Kvåle og peikar og forklarar.

Plansjen viser eit kart over campus. Her er ein grunnskule, ein vidaregåande skule, ein høgskule og idrettsanlegga til Sogndal Fotball. Alt i ei stor klynge tilsvarande sju fotballbaner og med ein prislapp på 1,4 milliardar kroner.

655 arbeidsfolk er samla under same tak, og heile 190 av dei arbeider i bedrifter som ikkje har med undervisning å gjere.

– Folk trekkjer til seg folk. Slik er det berre. Vi opplever no at det er for lite kontorareal til bedrifter som vil inn her, seier Kvåle.

Vil ha fleire

Då Internett kom, vart det sagt at folk kunne drive business frå kvar einaste krok i landet.

Kvåle meiner det er nokre utkantbedrifter som har fått det til, men meiner tettare samarbeid vil skape fleire arbeidsplassar og fleire nye verksemder.

– Noko eg trur er veldig viktig i arbeidet med næringsutvikling i fylket, er å stimulere til å få fleire slike klynger. Ein må ikkje dele det opp i forskjellige bransjar, men setje bransjane i lag. Det er ikkje «duppedittane», men hovuda som skapar nye idear, seier Kvåle.

(Artikkelen held fram under)

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

SAMARBEID: Vil vere ein fordel for bedriftene i mange tilfelle, trur fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Trur samarbeid har fleire fordelar

Og fylkesdirektøren for næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, er samd. På eit møte med ordførar og rådmenn i fylket var han klar i sin tale.

– Vi er litt paranoide, sa Heggheim frå talarstolen.

Ei evaluering viser at bedriftene i fylket er flinke til å samarbeide med kundar, underleverandørar og konsulentar som dei leiger inn. Men mot konkurrerande verksemder i same bransje oppfører bedriftseigarane seg som småkongar.

Når ein kjempar om til dømes større anbod, er slike haldningar å lage ris til eigen bak, meiner Heggheim.

– Eg trur at viss ein hadde hatt eit samarbeid med fleire, med ein leiande partnar, så kan ein kome i posisjon til større offentlege anbod, som ein åleine kanskje ikkje har sjanse på, seier Heggheim.

Jobbar med eigen plan

Han leiar arbeidet med ein ny fylkeskommunal verdiskapingsplan, ein plan som nett no er ute på høyring.

Denne planen blir viktig for korleis det offentlege skal bruke 600 millionar kroner på næringstiltak i Sogn og Fjordane kvart år.

Der næringslivsfolk snakkar om idemyldring ved kaffiautomaten eller rett og slett det å ta ein middag med folk i same bransje, brukar planskrivarane omgrep som «nettverkskompetanse» og «klyngekompetanse».

Heggheim vedgår at planen kan bli meir handfast på dette punktet.

– Dette er eit av punkta der eg trur vi kan bli tydlegare, seier han.

Ser resultata

I lokala til Rocketfarm i Sogndal har dei sett konkrete resultat av det å sitje i ei stor klynge. Databedrifta med 13 tilsette tener gode pengar og har allereie utvikla IT-produkt i samarbeid med andre føretak som sit under same tak.

– For oss betyr det nye produkt, det betyr nye tenester og det betyr innsikt i andre marknader. Så det betyr veldig mykje, seier Halvor Gregusson.