Hopp til innhold

Meiner regjeringa sviktar gründerar

Den blå regjeringa må ta skulda for at det blir mindre pengar til gründerar. Det meiner ein oppgitt fylkesordførar frå Arbeidarpartiet.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SVIKTAR: Åshild Kjelsnes (Ap) meiner den blå regjeringa sviktar gründerane med å gjere risikokapital mindre tilgjengeleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Sogn og Fjordane er klar i sin kritikk av den nye regjeringa. Dei må ta skulda for at gründerar får stadig mindre risikokapital tilgjengeleg.

Ho delar banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane si uro over at sårt tiltrengd risikokapital i oppstartsfasen har blitt vanskelegare å få tak på.

– Dette er ein ønskt politikk frå den nye regjeringa. Sogn og Fjordane fekk etter mitt skjønn eit dramatisk kutt i midlane til næringsutvikling, og då blir det mindre pengar til regional utvikling og til å hjelpe gründerar og etablerarar, sukkar Ap-politikaren.

– Ei utfordring i tida framover

Arvid Andenæs

UROA: Banksjef Arvid Andenæs er uroa for framtida til gründerar i fylket og meiner det blir ei utfordring å sikre at dei får nok kapital tilgjengeleg i oppstartsfasen.

Foto: Pressebilete

Det blir stadig meir krevjande for gründerar å få tak i sårt tiltrengt risikokapital.

For samtidig som fylket har få private kapitalmiljø, får Innovasjon Norge og fylkeskommunen mindre pengar til å støtte arbeidet med å skape nye arbeidsplassar.

I går tok Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane eit oppgjer med dette.

– Eg ser på dette som ei utfordring for fylket framover, og synest at staten og regjeringa burde vore mykje flinkare sjå på moglegheita dei har til å løyve denne typen kapital, seier Andenæs til NRK.no.

Brukar heller pengane på veg

Arve Mjømen

VEG: Arve Mjømen i Høgre meiner det er heilt akseptabelt at regjeringa heller brukar pengane på veg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I statsbudsjettet vedtok nemleg regjeringa å kutte i verkemiddelapparatet. Dei har kutta i potten til distriktsutvikling, noko som gjer at både fylkeskommunen og Innovasjon Norge har mindre pengar dei kan fordele til ulike næringsutviklingsprosjekt.

Seinare har fylkeskommunen følgt etter.

I staden skal dei vel 20 millionar kronene her i fylket kunne brukast på vegbygging.

Det meiner fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre er fornuftig.

– Regjeringa prioriterer fram vegar, og meiner den regionale effekten ein vil få av gode og betre vegar er veldig nyttig for konkurranseutsett næringsliv.

– Dessutan er det slik at den tolmodige kapitalen kan dei framleis gje til gründerar innafor det budsjettet som det er rikeleg igjen av, seier Mjømen.

Men fylkesordførar Åshild Kjelsnes er usamd.

– Om vi berre ser på vegbygging og ikkje har midlar til å hjelpe etablerarar, så kjem vegbygginga til kort også. Og eg føler at den nye regjeringa ser vekk frå det.