I dag starta fylkespolitikarane våre arbeidet med verdiskapingsplanen. Det overordna målet i planen er å auke folketalet i Sogn og Fjordane til 112 000 i perioden fram til 2016.
– Planen skal gi oss ei retning på kva vi skal freiste å utvikle. Den skal ta utgangspunkt i ressursane vi har, og kva slags kunnskap vi kan tilføre, seier Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring.
- LES OGSÅ:
– Må satse på ungdom
Men skal ein klare ein slik vekst i folketalet meiner Birger Nedberge i Sparebanken Vest at ein må satse på attende ungdom til fylket i rikt monn, og slett ikkje berre dei med høgskule- eller universitetsbakgrunn.
VIL SATSE: Birger Nedberge.
Foto: arkiv / NRK– Det er jo noko vi alle ønskjer, men det eg set fokus på er om det er plass til den vanlege fagarbeidaren. Tømraren eller snikkaren, som vi også har behov for her i fylket. Det er ingen enda som har ønska han velkomen tilbake til fylket, så kanskje vi skal gå litt breiare ut.
Treng fagfolk i fylket
– Kvifor er det slik at det er dei med høgare utdanning det har vore fokus på?
– Det spørsmålet har eg stilt meg sjølv også. Om vi ser på behovet, så høyrer jo vi at ein treng både sjåførar, snikkarar og andre fagarbeidarar. Eg er jo veldig for at vi skal få tilbake folk med høgare utdanning, så det er ikkje noko motsetnad der, men i tillegg til å få attende dei så seier vi ikkje nei takk til å få attende personar med annan bakgrunn også, meiner Nedberge.
– Satse på alle frontar
Han får støtte frå mangeårig politikar og no næringsutviklar Reidar Sandal, som no jobbar med eit prosjekt knytt til desse utfordringane.
– Eg forstår kva han meiner, og sjølvsagt må vi vere på jakt etter folk med høgare utdanning. Men framtida for oss gjer at vi må satse på alle frontar. Vi treng arbeidskrafta i fullt monn og særleg fordi vi står overfor veldig store utfordringar i åra som kjem med ungdomskull som går sterkt ned den komande 10-årsperioden, seier Sandal.
Skal kome med forslag
Han peikar særleg på at talet på eldre arbeidstakarar som kjem til å forlate arbeidslivet veks sterkt, og det prosjektet han skal leie i Sunnfjord er viktig for å få folk til å bli værande eller kome attende.
– Vi skal drive dette prosjektet fram til 2014 og skal kome opp med ei rekkje forslag, eg trur at det handlar om å motivere ungdom til å søkje på den type utdanning som det er behov for.
Må selje seg inn
Birger Nedberge meiner at ein må selje seg inn til både dei som ikkje har flytta ut og potensielle heimflyttarar.
– Status er viktig for mange og i dag skal jo alle ha den fantastiske jobben og realisere seg sjølv og i tillegg skal det vere kjempegodt løna. Men det eg snakkar om er jo dei folka som alt er ferdig utdanna og vi skal lokke attende til fylket på eine eller andre måten. Vi må selje oss inn på dei kvalitetane vi kan tilby her i fylket, sler Nedberge fast.