NRK Meny
Normal

- Det er eit stort sakn, rett og slett

Etterforskinga av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet har gjort sterkt inntrykk på mange, spesielt i Sogndal-området. – Utruleg ekkelt, seier venninna gjennom fleire år, Susanne Drøsdal Birkeland.

Susanne Drøsdal Birkeland var venninne med Veronica Heggheim Stegegjerdet

FORFERDELEG EKKELT: Susanne Drøsdal Birkeland var venninne med omkomne Veronica Heggheim Stegegjerdet (22).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet vart altså funnen død i Barsnesfjorden før helga, men enno ventar ein på eit svar om kva som har skjedd.

Ein av dei som ventar på svar, er Susanne Drøsdal Birkeland, som kjente Veronica i mange år. Det er mykje som går gjennom hovudet hennar no, medan ho ventar på svar på kva som skjedde med venninna.

– Ein lurer jo på kva som har skjedd. Alle har levd i ei uvisse om kva som har skjedd, og ingen veit enno. Det er eit stort sakn rett og slett, seier ein tydeleg bevega Birkeland.

22 år gamle Veronica var sakna i nærmare tre veker, før ho vart funne fredag 14. november.

– Korleis var det å få meldinga om at det var Veronica som var omkommen?

– For å seie det slik, så har eg trudd, eller kanskje visst, heile tida at det var Veronica, for det har jo ikkje vore nokre andre som har vore sakna her. Men det var ganske tøft, likevel. Det var ein ekkel beskjed å få, men på same måte godt å få svaret, seier Birkeland.

– Ho vile alltid det beste for alle

Birkeland kjente Veronica i mange år, og vart kjent med ho gjennom felles vener da dei begge budde på Hafslo. Ho fortel at dei to dei siste åra mista kontakten litt, men at det alltid var god stemning når dei trefte kvarandre.

– Korleis hugsar du ho?

– Som ei kjempejente. Ho var sprudlande, glad, alltid blid og ville alltid det beste for alle. Ho gjorde alt for at alle skulle ha det best mogleg. Og ikkje minst gjorde ho alt for dyra, dei var livet hennar.

– Kva tenker du om de neste dagane?

– Eigentleg skal det bli godt å få vite kva som har skjedd, uansett kva som har skjedd med ho. Det er ikkje noko kjekt, uansett kva som har skjedd, seier Birkeland.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Roser lagt ned ved Barsnesfjorden i Sogndal

SORG: Roser er lagt ned ved Barsnesfjorden i Sogndal der Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vart funne omkommen fredag i forrige veke.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Forferdeleg tøft

Sogndal er ein liten plass, og den langvarige forsvinningssaka har sett sine preg på bygda, meiner Birkeland.

– Det er tøft for alle, trur eg, om ein har kjent ho eller ikkje. Men det er sjølvsagt verst for familien og dei som har vore nærast.

– Kva gjer det med ein når den ein leiter etter er nokon ein kjenner?

– Det er forferdeleg ekkelt å ikkje vite nokon ting om kor ho kunne vere, sidan ingen hadde funne ho. Rett og slett skikkeleg ekkelt. Og den dagen eg fekk vite at det var ein leiteaksjon etter ei kvinne tidleg i tjueåra inne i Årøy, da skjønte eg vel ganske raskt kven det kunne vere, og at det kunne vere Veronica.

Politiet jobbar no for å finne ut av dødsårsaka til den unge kvinna, og mange sitt igjen med spørsmål om kva som har skjedd med henne. Birkeland håpar dei no vil få nokre svar.

– Det skal bli godt å få vite kva som har skjedd. Eg håpar jo for all del at det ikkje er noko stygt som har skjedd med ho, men ... Det som har skjedd, det har skjedd. Vi kan ikkje snu om på noko no.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.