Astrupbiletet Kari på Sunde Foto Johan Albert Mohn AS
- På den måten kan Astrup-kunsten nå ut til eit stort internasjonalt publikum, seier Loge, som nett har gitt ut ei ny bok om Astrup.
- Førde utanfor allfarveg
Dette er eit slag i ansiktet på dei i Sogn og Fjordane som har teke til orde for at den store samlinga som skipsreiar Jon Christian Brynhildsen har av Astrup-verk skal bli samla i Sunnfjord. Der er det alt ein dragkamp mellom Førde og Jølster. Øystein Loge meiner både Jølster og Førde ligg for langt unna allfarveg.
Bergen eller Oslo
Munchmuseet i Oslo ville passe veldig godt, men eg kan og tenkje meg kunsten i Bergen, ein by Astrup hadde eit nært tilhøve til, seier Loge.
60 oljemåleri
- Eg registrerer at Loge no lanserer Oslo og Bergen. Tidlegare har han nemnt Drammen, der han sjølv bur. Hadde Loge budd i Sogn og Fjordane, ville han sikkert hatt Astrup-kunsten der, seier tidlegare kulturdirektør i Sogn og Fjordane, Lidvin Osland. Han er ein av dei som har ivra for å få dei 60 oljemåleria, dei 100 tresnitta og dei 900 barneteikningane samla i heimfylket til Nikolai Astrup.