I går sa Astrup-kjenner Øystein Loge at kunsten bør inn på Munch-museet i Oslo eller til Bergen, og ikkje til eit avsidesliggande galleri i Førde. Kofoed er kunsthistorikar ved Kunsthøgskulen i Oslo og han meiner Astrup-kunsten må førast heim.
Sandalsstrand av Nikolai Astrup
Stadig fleire i kunstverda involverer seg no i striden kring plasseringa av Astrup-kunsten. Det er skipsreiar Jon Christian Brynhildsen si store Astrup-samling det her er snakk om.
- Må til Sunnfjord
Astrup-kjennaren Øystein Loge gjekk i går sterkt ut med Munch-museet som framtidig stadval for Astrup-kunsten, eventuelt at kunsten kunne plasserast i Bergen. Men Holger Kofoed stør no fullt ut planane om å hente samlinga til Sunnfjord, trass i argumentet frå Loge om at kunsten får eit større og meir internasjonalt publikum i Oslo eller Bergen.