Hopp til innhold

Vokal folkemusikk

Kveding er det gamle ordet for song og blir i dag brukt om den folkelege songtradisjonen. Ein kvedar er ein person som syng. Likevel snakkar vi om å kvede eit stev, men å syngje ein salme. Kveding er samleomgrepet folkemusikkrørsla brukar om den folkelege songtradisjonen generelt.

Informant Margit Tveiten (1835-1923), artist Johanna Bugge Berge og folkesang- og eventyrsamler Ri

Informant Margit Tveiten (1835-1923), artist Johanna Bugge Berge og folkesang- og eventyrsamler Rikard Berge

Foto: Ukjent / Offentlig eiendom, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=15696260

Det er vanleg å dele den vokale folkemusikken inn i sju grupper.

  • a) Lokk, huging (hujing) og laling.
  • b) Bånsullar eller voggeviser.
  • c) Stev.
  • d) Folkeviser.
  • e) Religiøse folketonar.
  • f) Skillingsviser.
  • g) Rallarviser og arbeidssongar.

a) Lokk, huging og laling liknar på kvarandre i syngemåte, men har hatt ulik funksjon. Som nemnt høyrer dei seterlivet til. Ein lokk er fellesnemning på sang eller rop for å samle husdyra. Medan huging er sang eller rop for å få kontakt med andre menneskje. Det kan vera ein gjetar eit stykke unna, eller budeia på nabosetra.

Her møter vi 100 år gamle Gjendine Slålien som var ein av kildene til Edvard Grieg. ''Gjendines bådnlåt'' skreiv Grieg ned på notar etter henne.

Her møter vi 100 år gamle Gjendine Slålien som var ein av kildene til Edvard Grieg. ''Gjendines bådnlåt'' skreiv Grieg ned på notar etter henne.

Historien om Gjendine Slålien (wikipedia)

b) Bånsullar (enkle melodiar, med eller utan tekst, som blir sunge for å få småborn til å sovne) finn vi enno i levande tradisjon og bruk. Som oftast er dette enkle melodiar, medan teksten er eit enkelt barnerim eller kanskje ei tilfeldig samanstilling av ord og stavingar.

c) Stev vert ofte nytta som samlenamn på det å syngja folketonar.

Men stev er også namnet på små ein-strofa dikt som vi møter i folkediktinga. Dei kan ha forskjellig innhald og det fins truleg fleire tusen slike små dikt i tradisjonen. Spesielt er det at dei fleste blir sunge til ein av omkring 40 ulike stevmelodiar som ein veit har vore i bruk. Dei eldste steva er i slekt med folkevisene (balladane) og kan førast attende til 1200-talet. Desse blir ofte kalla gamle-stev. Det finns og ei nyare og meir strikt form som blir kalla ny-stev. Ny steva har ei strikt rytmisk form omlag på same måten som ein limerick. Forma er slik:

Ta ram tam ta tara ram tam ta ta
Ta ram tam ta tara ram tam ta ta.
Ta ram tam ta tara ram tam ta
Ta ram tam ta tara ram tam ta.

«Slåtte-stev» er fellesnamnet på ei mengd små dikt som vert sunge til kjende slåttetema. Ofte med humoristisk og uhøgtideleg innhald. Slåttemusikken har nemleg også vore ein del av det vokale repertoaret.

Talleiv Røysland (wikipedia) syng Å, så sulla ho mor med rokkjen sin.

d) Folkevisene er fellesnamn på alt frå gamle viser frå 1200-talet til nyare viser som kanskje ikkje er meir enn 100 år gamle. Men til vanleg nyttar ein likevel namnet om dei gamle balladane som har røter heilt attende til mellomalderen, og som levde på folkemunne heilt til dei vart samla inn og skreve ned på 1800 – og 1900-talet.

Ingebjørg Liestøl syng Dei to systane.

Etter tekstinnhaldet i desse visene vert dei som regel delt inn i ulike grupper. Det er heilagviser, kjempeviser, trollviser, historiske viser, riddarviser og skjemteviser. Nokon musikalsk forskjell på visene er det ikkje, men ulik alder kan avspegla seg i melodiane. Den mest kjende og særprega av alle våre middelalderballadar er Draumkvedet. Forteljinga om Olav Åsteson, som sov frå julaftan til trettande dag jul, og i syner såg både himmelen og dødsriket. Diktarleg er dette rekna som det fremste av mellomalderlitteraturen vår.

e) Religiøse folketonar er namnet vi brukar om melodiane til protestantiske tekster, til forskjell frå heilagvisene der teksta er bygd på katolisismen. Dei religiøse folketonane skil seg på to punkt frå den andre folkemusikken. For det fyrste er tekstene laga av kjende diktarar. Nokre av våre mest kjende salmar har gamle folketonar som melodi. For det andre er melodiane ofte omforma av gamle, kjende melodiar.

Ragnar Vigdal (wikipedia) syng Alle vegne hvor jeg vanker.

f) Skillingsviser

I ein del europeiske land er skillingsvisene nesten like gamle som boktrykkarkunsten. Alt på 1500-talet begynte utgjevingane av viser trykt i små hefter. Prisen var gjerne ein skilling, og difor har dei fått dette namnet. I Skandinavia er det fyrst i andre halvdel av 1700-talet at skillingsvisene kjem for fullt, i Norge ikkje før fyrste halvdelen av 1800-talet. Blant dei eldste skillingsvisene finn vi ein del folkevisestoff. Ein del av dei religiøse visetekstene vart gjerne spreidde som skillingstrykk. Mange av songane til Petter Dass vart t.d. trykt på denne måten. Men sjølv om det ikkje er råd å setja noko skarpt skilje mellom folkeviser og skillingsviser er det likevel ein del forskjellar mellom dei. Medan folkevisene som regel har eit anonymt opphav og er forma av tradisjonen, har skillingsvisene eit klart preg av å vera laga av enkeltforfattarar. Visene er ofte knytte til lokale tilhøve og hendingar. Nyheitsviser står i ei særstilling. Den eldste vi kjenner til av dette slaget handlar om eit stort snøras på Sunnmøre i 1679, då 20 gardar vart øydelagde. Viser av dette slaget har vore vanlege langt inn i vårt hundreår.

g) Rallarvisene. Frå slutten av 1800-talet fekk vi ei ny livskraftig grein av skillingsvisetradisjonen, nemleg rallarvisene. Den omfattande anleggstrafikken rundt om i landet, særleg dei store jernbaneanlegga, kravde mykje arbeidskraft, og rallarane flytta frå stad til stad og tok med seg visene sine. Arbeidssongar vart brukt når fleire skulle arbeide i lag der det var viktig at alle tok i på likt. Til dømes ved kabeltrekking. Då hadde ein mann jobben med å synge ein sang der rytme og tekst definerte når alle skulle spenna musklane og ta i. På sjøen kalla dei slike arbeidssongar sjantiar.

Oppgåver:

  • Skriv eit nystev om ei hending du finn omtala i avisa.
  • Skriv eit morosamt slåttestev på melodien Så går vi rundt om en enebærbusk.
  • Skriv ein ny tekst på voggesongen So ro lillemann av Torbjørn Egner.