Tommy Ellingsen

Fotograf Tommy Ellingsen var kanskje den som gjekk lengst i jakta på det perfekte biletet av Tom Cruise. Mens dei fleste andre jakta på dagtid, brukte Ellingsen også ei natt på å rigga seg til i den «perfekte» Cruise-posisjon.

Foto: Privat

Jakta på Tom Cruise i den norske fjellheimen

Når filmstjerna Tom Cruise kavar seg opp kanten av stupbratte Preikestolen, krevst det ikkje berre full innsats av Hollywood. Men også for norske «paparazzoar» med eitt mål for auge.

Dei gøymer seg i buskar og kratt. Har gjerne capsen bak fram og er kledd i store t-skjorter og endå større shortsar.

Dei jaktar superkjendisar i flokk. Paparazzofotografar blir dei kalla. Og jobbar gjerne i storbyar som Los Angeles og New York. Der sjansane for møta ei verdsstjerne er stor.

Eg er derimot kledd i to lag med ull, ein signalgul Gore-Tex-jakke og blå topplue med snøkrystallmønster. Som lokaljournalist i NRK med base i Ryfylke, handlar jobbane oftast om vegras, strid om lokale ferjesamband og dårleg kledde preikestolturistar.

«Stjernene» eg intervjuar er gjerne ein ordførar, ein fylkesordførar eller ein statsråd i ny og ne.

Men ikkje nå. For ei av verdas største filmstjerner er på veg med privatfly til Stavanger lufthamn Sola.

Snart skal han dingla frå den stupbratte Preikestolveggen, få kilometer frå huset mitt. Det skal resultera i sluttscener i actionfilmserien «Mission Impossible». Den sjette i rekka. Filmen har verdspremiere 26. juli. Den norske premiera er 3. august.

Eg har lånt meg den feitaste kameralinsa på kontoret. Jakta på Tom Cruise i mitt eige turmiljø har starta. Og eg er ikkje åleine.

Magnus Stokka

I fem dagar var eg utegåande «Tom Cruise-reporter» på jobb for NRK.

Foto: Ragnar Egeland

DAG 1:

Me skrur tida tilbake til torsdag 2. november (tre dagar før Cruise landar på Sola). Tåka heng tjukt over Preikestolen. Helikoptera som skal frakta opp 120 tonn med filmutstyr på platået 600 meter over Lysefjorden, står på bakken.

Det kan fort bli kritisk. For det amerikanske produksjonsselskapet Paramount har berre fått løyve til å filma tre dagar på Preikestolen. Har dei ikkje gjort grundig nok research på norske vêrforhold i fjellheimen i november? Risikerer eg at alt blir avlyst, og at Tom Cruise aldri bli hengande utføre Preikestolen? Akkurat nå verkar vegen til bilete og intervju med filmstjerna lang.

To ungar i småskulealder fniser og ler på parkeringsplassen ved Preikestolhytta, startpunktet for den fire kilometer lange turen til det verdskjente fjellplatået i Rogaland.

Dei får NRK bort til bilen dei kom med. Der står to småflaue og lett raudnande unge kvinner. Eg konkluderer med at dei er mødrene til dei to barna.

– Dei har noko i bilen, hintar ungane.

Dei to kvinnene verkar meir og meir brydde, men etter litt overtaling opnar dei bakdøra på bilen. Så dreg dei fram to plakatar dekorert med raude hjarta. På den eine står det «Tom» på den andre «Cruise».

– Det er jo litt tøft at han kjem hit då, seier Katrine Tyntland.

Ho driv sportsbutikk på nærmaste tettstad, ryfylkebyen Jørpeland. Nå håpar ho stuntet skal gjera at Tom Cruise handlar sportsutstyr i butikken sin, slik Justin Bieber gjorde då han var i Stavanger.

– Det hadde vore konge. Det er veldig bra reklame for området me bur i at Tom Cruise kjem hit.

Dei har så langt liten konkurranse i journalisten, orsak paparazzoen, si jakt på Tom Cruise-fans. Derfor er det kjempemessig at dei let seg fotografera medan dei lettare brydde veiftar med plakatane.

Tom Cruise-fans ved Preikestolen

Lettare brydde Tom Cruise-fans ved preikestolparkeringa. Dei to kvinnene såg sitt snitt til å reklamera litt for butikken sin då verdsstjerna kom til deira eige nærmiljø.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Men hovudpersonen sjølv, Tom Cruise, er neppe komen til Rogaland. Eg kan like godt bruka halvannan time på å sveitta meg opp til toppen, med sekken og hendene fulle av kamerautstyr, for å dokumentera tåkeheimen og at filmrigginga er utsett.

Sjølve preikestolplatået er stengt for både presse og publikum fram til filmopptaka er over. Men frå eit område overfor sjølve platået kan ein sjå ned på filmriggen. Dette området blir også opna i små tidslommer på sjølve opptaksdagane. Men når det er opptak, er alt stengt. Ingen slepp tett på når Hollywood lagar storfilm i Norge.

For å passa på at ivrige journalistar og andre skodelystne ikkje bryt reglane, er det hyra inn røynde fjellvaktarar frå Norsk Folkehjelp. 100 i talet. Dei er strategisk plassert ute i terrenget. Ingen skal dei sleppa av syne.

Eg får mine bilete av tåkeheimen ute på platået, og møter til og med eit ungt nyforlova par på min første tur. Den unge mannen fridde på Preikestolplatået.

– Du er min Tom Cruise, gliser kvinna som nyleg sa ja til mannen i sitt liv.

Men for meg finst det berre ein Tom Cruise. Og han er ennå ikkje komen til Rogaland.

Fridde på Preikestolen

Dette utanlandske turistparet forlova seg på Preikestolen. Dermed hadde dei andre ting i tankane enn Tom Cruise.

Foto: Magnus Stokka / NRK

DAG 2:

Det er fredag 3. november, og mindre tåkete enn i går. Det betyr hektisk aktivitet i lufta. Eg står heilt på kanten av platået ovanfor sjølve Preikestolen.

Eg har sjølvsagt prøvd å få haik med eitt av helikoptra, men ikkje lukkast. Det har resultert i nok ein tunglasta tur til turistikonet til fots. Med mange telefonar frå NRK-kollegaer på jakt etter Cruise-oppdateringar og fleire direkterapportar i diverse nyheitssendingar på radio, tar turen opp fort to timar.

Og her står eg og ser på at fire helikopter går i skytteltrafikk, og står i kø for å droppa filmutstyr ned på Preikestolplatået.

Straumkablar, aggregat, tryggingsrigg, kamerarigg, luksuscampingvogner og letthus. Ja, for Tom Cruise må jo ha eit eige porselen-toalett når han skal «skita og skyta» film i den norske fjellheimen i november. Og ei treningsbu med manualar og matter når han treng eit treningsavbrekk. Og ei bemanna kantine når magen skrik etter varm lunsj og forfriskingar, sjølvsagt.

Hollywood har med alt når dei lagar storfilm. Sjølv om det til slutt berre er snakk om nokre få minutt i filmen. Det er i alle fall det filmekspertane spår, sjølv om den mest optimisme fjellvaktaren eg snakka med trudde på 15 minutt frå Preikestolen i «Mission Impossible 6».

Det er vanskeleg å snakka i helikopterstøyen, men ein av dei skodelystne fortel at han ser ein mann som firer seg opp og ned frå Preikestolveggen festa til ein vaier. Det er neppe Tom Cruise. For det er ennå ikkje meldt at han er komen til Rogaland.

Det er nok heller snakk om ein klatreekspert som testar løypa kor Mr. Cruise skal klatra dei siste stupbratte metrane opp frå Preikestolveggen og opp til platået.

Eg har lagt bak meg to dagar i fjellheimen. Og som venta: Ingen Tom Cruise å sjå. Men over helga aukar sjansane. For nå nærmar det seg filminnspeling.

Preikestolen Tom Cruise

120 tonn med filmutstyr blei frakta til Preikestolen i samband med innspelinga av filmen «Mission Impossible 6».

Foto: Erik Waage / NRK

DAG 3:

Det er blitt måndag 6. november, og eg står opp til eit postkortmotiv av ein dag. Ingen skyer på himmelen, berre sol. Alt det preikestolturistar drøymer om, men altfor sjeldan får, på Vestlandet.

Nå eg kjem køyrande opp til Preikestolhytta litt før klokka 8, er helikoptera alt i lufta. Dei har gått i skytteltrafikk gjennom heile helga og fraktar nå siste porselenstoalett (det var faktisk porselenstoalett til to av skodespelarane) opp til platået.

Forseinkingane på grunn av tåketrøbbelet er tatt igjen. Alt ligg til rette for at Tom Cruise kan starta opptaka i morgon.

Eller kan det tenkast at Hollywood utnyttar vestlandsk godvêr og tjuvstartar filmopptaka ein dag før skjema?

Lenge før Tom Cruise skulle koma til Preikestolen, blei det spekulert i kor han skulle bu. I føremiddag får me svaret. NRK var nemleg på plass då superstjerna blei henta med helikopter i hagen til eigar av ishockeylaget Stavanger Oilers, Tore Christiansen, på Boganes i Stavanger.

Meldingane går ut på at han truleg er på veg til innspelingsstaden på Preikestolen. Det er på tide å førebu eit aldri så lite intervju dersom sjansen byr seg.

Eg noterer følgjande spørsmål i bakhovudet:

  1. How is It to make a movie at The pulpit Rock, Mr. Cruise?
  2. What can you tell us about your stunts you are going to do?
  3. Are you in good shape? (Dette er første filmopptak etter ein ankelskade).

Eg veit at det ikkje akkurat blir eit djupneintervju dersom sjansen byr seg, så eg tenker ikkje på fleire spørsmål. Resten får komma spontant.

Eg bestemmer meg for å knyte dei etter kvart ganske så illeluktande fjellskoa, og ta sikte mot ein ny tur opp mot Preikestolen i jakta mi på Tom.

Men turen skal visa seg å bli meir utfordrande enn før. Klårvêret og temperaturen ned mot 0 grader gjer at stien oppover til dels er speilblank. Eg burde sjølvsagt tatt på meg broddar. Men i iveren etter eit mogleg Tom Cruise-intervju, gløymde eg det.

Tom Cruise

Tom Cruise tar av frå basen sin på Boganes i Stavanger. Her budde han i luksusvillaen til næringslivstoppen Tore Christiansen medan filminnpelinga føregjekk.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Det er nå laga ei alternativ løype den siste kneika opp til Preikestolen. Men midt på dagen slepp eg ikkje så tett på som før helga. Eg blir ståande så langt vekke at eg ikkje kan sjå platået. Der kjem eg i drøs med ein lokal filmentusiast med namn Ragnar Egeland. Han skryt veldig av Tom Cruise.

– Innan actionfilm heng han veldig høgt. Og Mission Impossible er vel det som er best innan action. Preikestolen er spektakulært, så då må det jo bli spektakulært på film også.

Etter ein pause i ei varmebod på toppen, bestemmer eg meg for å gå ned igjen. Det ser mørkt ut med bilete og intervju med Tom Cruise i dag også. Men før eg går ned, lagar eg meg ein avtale med Egeland om at han sender meg bilete dersom han slepp ut på platået ovanfor Preikestolen seinare på dagen. Den avtalen skal visa seg å bli gull verdt.

Klokka 14.56 tikkar det inn ein MMS på mobilen min. Det er Egeland som har sendt bilete. Eg trykker på det, men ser berre ein masse filmfolk på Preikestolen. Eg spør om han har fleire med tettare utsnitt. Tilbake får eg tre motiv. Fleire frå filmcrewet, tenker eg.

Litt på tull sender eg bileta vidare til dei på jobb i redaksjonen med tittelen: «Kor e Tom???»

Det går to minutt før eg får første svar i retur: «Han e øvst te venstre. Med svart skjerf.»

Like etterpå tikkar melding nummer to inn: «Fant an :-)»

Kva i alle dagar? Hadde mannen med den solide filmkunnskapen verkeleg fanga eit blinkskot av Tom Cruise utan å vita om det? Og hadde eg nettopp gått glipp av min kanskje einaste sjanse til å ropa ned eit spørsmål til Tom Cruise?

Eg sender SMS til Egeland og spør om han visste at han nettopp hadde fotografert ei av verdas største filmstjerner. Eg får eit «ja» til svar. Men at det var kollegaene mine på jobb som hadde gjort han merksam på det.

Bileta til Egeland blir naturlegvis eit attraktiv salsobjekt. Fortent får han nokre tusenlappar av sjefen. I jakta mi på Tom Cruise sender eg også ein e-post til pressekontakten for det amerikanske filmselskapet Paramount Pictures. Om ikkje Tom stiller til intervju, må i det minst pressetalskvinna kunna seia at «It's great to be in Norway".»

Tom Cruise på Preikestolen

Biletet som viser Tom Cruise på Preikestolen, dagen før den første offisielle oppdagsdagen.

Foto: Ragnar Egeland

DAG 4:

Tysdag 7. november er det ein vindfull morgon i Lysefjorden. Helikoptera må stå på bakken. Og det på den første offisielle innspelingsdagen. Når det berre er sett av tre dagar til filminga, er det kritisk.

Etter at eg har gjort unna den daglege rapporteringa til morgonradioen om dagens Cruise-status, har eg gjort det til eit fast rituale med ein kaffikopp på preikestolhytta.

Det kortar ned på ventetida og hjelper på kreativiteten når hovudpersonen glimrar med sitt fråver. Etter kopp nummer to tuslar eg ned til parkeringsplassen. Der møter eg ein fotograf som verkeleg har gjort sitt for å fanga eit blinkskot av Tom Cruise. Sjølv om kjendisstoff eigentleg ikkje er hans greie.

Kledd i ei grøn jakke og med ei gigantisk telelinse på skuldrene hadde frilansfotografen, på jobb for Dagbladet, labba opp til ei fjellhylle ved sidan av Preikestolen kvelden før.

I ni timar låg han der og venta på det perfekte biletet: Tom Cruise klatrande i Preikestol-veggen med Lysefjorden i bakgrunnen. Problemet var berre at hovudpersonen aldri dukka opp. Vinden blei for sterk for helikoptra som skulle frakta opp filmfolket.

Når NRK ringer fotografen eit par månader seinare, er han ganske så avslappa til heile Cruise-hysteriet. Litt bittert er det nok å gå glipp av blinkskotet, likevel.

– Dersom eg hadde fått det biletet, ville det gått verda rundt.

Og sjølv om han hevdar han ikkje blei oppdaga av vaktmannskapa sine varmesøkjande kamera, blei han det, ifølge beredskapsleiar Arne Alsvik i Norsk Folkehjelp Strand og Forsand.

Uansett var han ikkje i forbodssona, så fotografstuntet fekk ingen andre konsekvensar enn at fotografen fekk seg ei småkald natt ute i det fri.

– Vanlegvis skal me finna personar som har gått seg bort og er sakna. Denne gongen handla det om å sjå om nokon ønska å skjula seg. Og det var det jo, smiler beredskapsleiaren.

Strekmann Preikestolen

Slik skulle fotograf Tommy Ellingsen gjerne sett Tom Cruise medan han hadde «fotovakt» med utsikt mot preikestolveggen. Det blei med ein strekmann, teikna av fotografen i ettertid.

Foto: Tommy Ellingsen

Inne på Preikestolhytta sit filmcrewet tilsynelatande upåverka av vêrtrøbbelet. Nokon jobbar konsentrert. Andre slappar av med mat og drøs.

Heilt tilfeldig kjem eg og ein kollega over at ein gjeng kikkar på nokre videoopptak. Me stiller oss litt i bakgrunnen. Og jau då, der ligg Tom Cruise på kanten av Preikestolen. Panoramabileta av Lysefjorden er spektakulære. Har dei lurt oss trill rundt og gjort unna filmopptaka i går?

Eg tar likevel sikte mot toppen igjen – i tilfelle vinden løyar og Hollywood ikkje er ferdige. Fjellvaktaren eg treff på i starten av løypa seier han har sett helikopter landa i verre vêr, men konkluderer med at filmfolka nok ikkje vågar å ta nokon sjanse som helst når det gjeld tryggleiken. Dermed er Tom Cruise landfast i luksusvillaen i Stavanger.

Denne gongen slepp eg til på platået ovanfor Preikestolen for ei stund. Frå same posisjon som Egeland tok bilete av Tom Cruise i går.

Var dette dagen då alt skulle klaffa – og sikra meg både bilete og intervju med superstjerna?

Det er fleire journalistar og andre skodelystne som småfrys i novemberkulda. Og medan helikoptera med gyrostabiliserte kamera streifar i lufta, kan ein jo i alle fall håpå på at Tom Cruise plutseleg dukkar opp bak ein stein.

Me ventar og ventar. Og blir kaldare og kaldare. Ingen reporter eller fotograf på Cruise-jakt vil vera den første som gir seg.

Men etter ei stund har me ikkje noko val. Området blir stengt for turistar og journalistar igjen. Same dag får eg svar på spørsmålet til Paramount Pictures om intervju. Det er negativt.

Ingen Tom Cruise i dag heller.

DAG 5:

Onsdag 8. november og endeleg ein full opptaksdag for Tom Cruise og co. Både NRK og TV 2 filmar frå andre sida av Lysefjorden. Og det skal visa seg at nokon får full utteljing. Men det blir ikkje akkurat meg.

TV 2 har det beste utstyret og får tettast film av at Tom Cruise klatrar opp og ned den stupbratte fjellveggen i timevis. Også ein annan person klatrar av og til saman med Cruise.

Begge bruker handtak som er bolta fast i veggen. Både Cruise og kollegaen heng i ein vaier som er festa til ein stor tryggingsrigg som er montert på sjølve Preikestolplatået.

Sidan turstien er stengt under filminga, og telelinsene på andre sida av fjorden best fangar opp filmstjerna nå, bestemmer eg meg for å bli verande ved preikestolhytta.

Eg har nemleg intervjuavtale med ordførar i preikestolkommunen Forsand og fylkesordføraren i Rogaland. Dei skal på helikoptertur til filmcrewet på platået.

Det passar også perfekte for stive bein og sveitte fjellsko.

Men når ordførarane landar på bakken igjen etter besøket, viser det seg at heller ikkje dei fekk helsa på Tom Cruise.

– Me fekk sjå scener og helsa på nokre av skodespelarane. Men Tom Cruise hang i taua og spelte inn scener, så me fekk ikkje helst på han, seier Forsand-ordførar Bjarte Dagestad.

Tida mi som Tom Cruise-reporter er i ferd med å renna ut. Med mindre eg drar til flyplassen i morgon eller får eit uventa svar frå Paramount Pictures. Eg spør i alle fall ein siste gong.

Preikestolen

Det nærmaste eg kom Tom Cruise på Preikestolen var å sjå ned på filmriggen frå eit platå overfor sjølve stolen.

Foto: Magnus / Stokka

DAG 6:

Også torsdag 9. november er det filmopptak på Preikestolen. Skodespelar Henry Cavill, mellom anna kjent for rolla som Supermann, avslører også på Instagram at han har vore med på opptaka til «Mission Impossible 6».

Eg har kveldsvakt denne dagen, og derfor avsluttar mi jakt på Tom Cruise her. Mi personlege trøyst får vera at heller ikkje journalistane som møtte for å ta farvel på flyplassen om ettermiddagen fekk intervju med superstjerna.

På vakta mi torsdag kveld kjem endeleg svaret frå pressetalskvinne Amanda Brand i Paramount Pictures. Eg opnar e-posten og håpar i det minste på nokre utfyllande setningar om filmopptaka i Norge.

Men svaret er kortfatta.

– Me er ferdige med filming, og er «thrilled».

Tom Cruise og Henry Cavill

Tom Cruise og Henry Cavill på veg i privatflyt frå Stavanger lufthamn Sola etter opptak på Preikestolen, tilsynelatande godt fornøgde med filmopptaka i Rogaland.

Foto: Bjørn Pedersen